Socialistisk Folkeparti

Socialistisk Folkeparti i Danmark blei danna i 1959, med folk som var ekskluderte (utestengde) frå det danske kommunistpartiet i brodden. Fremst av dei var mangeårig leiar i kommunistpartiet, Aksel Larsen. Dei ville ha eit dansk demokratisk sosialistparti som var heilt uavhengig av Sovjetunionen etter avsløringane av stalinismen og etter undertrykkinga i Ungarn i 1956. SF ville skape ein tredje veg, annleis enn både kommunisme og sosialdemokrati slik desse hadde utvikla seg.

Socialistisk Folkeparti

LandDanmark
Partileiar(ar)Pia Olsen Dyhr
GrunnleggjararAksel Larsen
Grunnlagt15. februar 1959
HovudkvarterChristiansborg
Ungdomsorg.Socialistisk Ungdoms Forum
Medlemstal9 206 (2020)
Ideologifolkesosialisme, demokratisk sosialisme, grøn ideologi, Markedssosialisme Sjå dette på Wikidata

SF har også teke opp i seg mange miljøforkjemparar, og reknar seg som eit raudgrønt parti.

SF har 14000 medlemer (hausten 2007). Ved valet i Danmark 15. september 2011 fekk SF 9,2 % av stemmene, og vart dermed femte størst. Partiet fekk 16 av 179 representantar i Folketinget.

Mangeårig leiar har vore Villy Søvndal, men han vart i 2012 avløyst av Annette Vilhelmsen.

SF er med i det nordiske venstrepartisamarbeidet Nordic Green Left Alliance.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre