Sofies verden er ein filosofisk roman skrive av forfattaren Jostein Gaarder. Boka vart utgjeven i 1991 med undertittelen: «En roman om filosofiens historie». I 1995 var boka rekna som verdas mest selde roman. «Sofies verden» er omsett til 59 språk, har seld over 20 millionar eksemplar og er filmatisert. Det er òg laga musikal, brettspel og PC-spel av boka.

Handling endre

Hovudpersonen, Sofie, får uventa fleire mystiske brev med filosofiske spørsmål. Mange av breva står under namnet Hilde Møller Knag. Etter kvart får ho eit heilt brevkurs i filosofiens historie som startar med mytene om dei første greske filosofane. Kurset fortset deretter med Sokrates, Platon og Aristoteles heilt opp til mellomalderen. Ein dag møter ho filosofilæraren Alberto Knox, som tar ho tilbake til mellomalderen og forklarar om dåtidas filosofitenking. Dei reiser saman frå mellomalderen og fram til våre dagar. Under reisa møter ho viktige personar som Kant, Kierkegaard, Darwin og Freud.

  Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.