Solar TErrestrial RElations Observatory

STEREO (Solar TErrestrial RElations Observatory) er to sol-observasjonssatellittar som vart skotne opp den 25. oktober 2006 frå Cape Canaveral Air Force Station i Florida i USA. Dei to satellittane skal gå i bane rundt sola med aukande avstand mellom kvarandre. Ved å sette saman bileta får forskarane eit tredimensjonalt djupnesyn, og kan lettare studere korleis solstormar og andre prosessar i sola oppstår. Solstormar gjev magnetiske forstyrringar som kan yte påverknad på jorda og slå ut kommunikasjonsatellittar og elektriske system.

Dei to STEREO-observasjonsatellittane ved Goddardsenteret

Kjelder endre