Solenergi er dei ulike formene for energi ein kan tappe frå sola.

Eit tårn i Daggett, California, USA står i fokuset for mange spegl som reflekterer sollyset

Bakgrunn endre

Bakgrunnen for å bruka sola som energikjelde er at jordoverflata mottek kring 1400 W / m2, målt på ein overflate som står normalt på (i ein rett vinkel på) sola. Av den totale energien går omtrent 19 % vekk i absorpsjon i atmosfæren, og skyer reflekterer gjennomsnittleg 35 %. Vanlegvis reknar ein 1020 W per kvadratmeter ved havoverflata. Håpet er å bruka denne «gratis» energien, men det er fleire praktiske problem som plassmangel, oppstartkostnad og verforhold.

Som direkte former for solenergi reknar ein da:

  • sollys treffer ei solcelle og genererer energi.
  • sollys treffer ei absorberande overflate, solfangar, og varmen blir boren bort av ein krets med væske. I Noreg har Solarnor vore pionerar i dette arbeidet og selskapet har utvikla teknologiar knytte til polymerar og vatn.
  • sollys treffer overflata på solsegletet til eit romfartøy, og vert konvertert direkte til kraft som skubbar romfartøyet.
  • sollys treffer ein spegel eller ein fiberoptisk kabel, som igjen leier lyset inn i ein bygning.

Mengda solenergi som treffer jordas overflate i løpet av 40 minutt, er større enn all energien verdas befolkning treng i eit år.

Solkraftindustri endre

Solenergi kan omdannast til elektrisitet ved hjelp av solceller. Desse kallast også photovoltaiske (PV) celler, etter effekten som omdannar sollys til elektrisitet (den fotovoltaiske effekt). Ei solcelle består av ei tynn skive av nesten 100 % rein silisium, kalla ein wafer. Waferen vert vidarebehandla slik at når han mottar lys, utviklar den elektrisitet. Vanlegvis er ei rekkje solceller kopla saman i eit panel, eit solcellepanel.

Solkraftindustri i Noreg endre

Ei norsk bedrift, REC, er verdas største produsent av waferar til solceller og eit leiande, fullt integrert selskap i solkraftindustrien. Dessutan har selskapet førstehandstilgang til superreint silisium som det er mangel på i industrien. Ei anna norsk bedrift, Elkem Solar i Kristiansand kommune, produserer solcellesilisium med ein fjerdedel av energien som likande anlegg med tradisjonell teknologi brukar. Det finst også nye produsentar av solcelleteknologi, desse er små og retta mot spesifikke utnyttingar, slik som Solar LED som lagar solcellebasert Skilt belysning som kombinerer LED og solceller utvikla av LED Nordic AS.

Kjelder endre

Litteratur endre

Sjå også endre

Bakgrunnsstoff endre