Solo av Blanka Stajkow

«Solo»
Song av Blanka Stajkow

Land Polen
Språk Engelsk
Utgjeve 23. september 2022
Sjanger Pop
Lengd 02:34
Selskap Warner Music Poland
Komponist Blanka Stajkow, Tribbs
Låtskrivar(ar) Blanka Stajkow, Maciej Puchalski, Mikołaj Trybulec, Bartłomiej Rzeczycki, Marcin Górecki, Maria Broberg, Julia Sundberg

«Solo» er ein popsong frå 2022 med den polske songaren og modellen Blanka Stajkow. Songen vann den polske musikktevlinga Tu bije serce Europy! Wybieramy hit na Eurowizję i februar 2023 og var det polske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.

Om sangen endre

«Solo» er skriven av eit breidt låtskrivarteam, der songaren Blanka Stajkow er blant dei. Ifølgje Stajkow handlar låten om einsidige og falske forhold, der den eine parten «mistar hovudet for den andre», sjølv om den andre parten berre leikar med dei.[1] Songen uttrykkjer trua på at det enkelte gongar er best å vere åleine, og at det er heilt ok – derav tittelen «Solo» (‘åleine’).[2]

«Solo» blei 15. februar 2023 kunngjord som eit av ti bidrag i den polske songtevlinga Tu bije serce Europy! Wybieramy hit na Eurowizję, der vinnaren fekk representere Polen i Eurovision Song Contest 2023. I finalen 26. februar gjekk låten til topps og ble dimed det polske bidraget til Eurovision Song Contest.

Polen deltok i den andre semfinalen torsdag 11. mai i Liverpool. Der enda «Solo» på ein tredjeplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai.[3] I finalen fekk songen 93 poeng og enda på 19. plass.[4][5]

Listeplasseringar endre

Liste (2023) Høgaste
plassering
Finland (Suomen virallinen lista)[6] 24
  Hellas (IFPI)[7] 24
  Irland (IRMA)[8] 85
  Island (Plötutíðindi)[9] 11
  Litauen (AGATA)[10] 1
  Polen (Airplay Top 100)[11] 4
  Polen (Strøyming Top 100)[12] 1
UK Singles (Official Charts Company)[13] 56
  Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan)[14] 3
  Tsjekkia (Rádio – Top 100)[15] 55
  Tyskland (GfK Entertainment)[16] 36
  Ukraina (Airplay TopHit)[17] 181

Kjelder endre

  1. «Blankazaczyna "Solo". Kim jest 23-letnia piękność z Polski?». muzyka.interia.pl (på polsk). Henta 26. mars 2023. 
  2. «"Wszystko jest w rękach ludzi i Boga". 23-latka przed życiową szansą». plejadapl (på polsk). 23. februar 2023. Henta 26. mars 2023. 
  3. «Eurovision2023: Allocation Draw results». eurovision.tv (på engelsk). 31. januar 2023. Henta 22. mars 2023. 
  4. «Blanka». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023. 
  5. «GrandFinal of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023. 
  6. "Finnishcharts.com – Blanka – Solo". Suomen virallinen lista. Hung Medien.
  7. «IFPI Charts». ifpi.gr. Arkivert frå originalen 25. mai 2023. Henta 24. mai 2023. 
  8. «IRMA– Irish Charts». Irish Recorded Music Association. Henta 20. mai 2023. 
  9. «Tónlistinn– Lög» [The Music – Songs] (på islandsk). Plötutíðindi. 20. mai 2023. Arkivert frå originalen 20. mai2023. Henta 20. mai 2023. 
  10. «202318-os savaitės klausomiausi (TOP 100)». Agata (på litauisk). Henta 8. mai 2023. 
  11. «ZPAV:: Bestsellery i wyróżnienia - AirPlays - Top - Archiwum». bestsellery.zpav.pl. Henta 8. mai 2023. 
  12. «OLiS– oficjalna lista sprzedaży – single w streamie» (Select week 12.05.2023–18.05.2023.) (på polsk). OLiS. Henta 26. mai 2023. 
  13. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  14. «VeckolistaHeatseeker, vecka 20». Sverigetopplistan. Henta 19. mai 2023. 
  15. «ČNSIFPI». ifpicr.cz. Henta 8. mai 2023. 
  16. «DownloadCharts Single – Aktualisiert am: 22.05.2023» (på tysk). mtv.de. Arkivert frå originalen 23. mai 2023. Henta 23. mai 2023. 
  17. «Solo – Blanka» (på engelsk). Henta 8. mai 2023.