Something Magic
Studioalbum av Procol Harum
Språk engelsk
Utgjeve Mars 1977
Innspelt 1976
Sjanger Progressiv rock, symfonisk rock
Lengd 40:33
Selskap Chrysalis
Produsent Procol Harum, Ron Albert, Howie Albert
Procol Harum-kronologi 
Procol's Ninth
(1975)
Something Magic The Prodigal Stranger
(1991)


Something Magic er det niande studioalbumet til Procol Harum og kom ut i 1977.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2.5/5 stars[1]

Procol Harum valde å arbeide med produsentane Ron og Howie Albert då Leiber og Stoller (som hadde produsert det førre albumet deira) ikkje var tilgjengeleg. Dei reiste til Miami med meir enn nok songar for albumet. Etter at Albert-brørne hadde forkasta meir enn fem spor og dei berre hadde fire songar att å fylle albumet med, tilbaud vokalist, pianist og låtskrivar Gary Brooker den episke «The Wormm and The Tree», eit stykke av tekstforfattar Keith Reid som Brooker hadde leika seg med i fleire år. Med stort press om å gjere musikken og orkesterarrangementa til den 19 minuttar lange episke songen fekk Brooker hjelp av arrangøren Mike Lewis for å gjere ferdig orkesterarrangementa for tittelsporet «Something Magic» og bandmedlem Chris Copping for å gjere blåsearrangementet på «Skating on Thin Ice».[2]

Etter albumet kom ut forlet Copper bandet og vart erstatta av Dee Murray, bassisten til Elton John for den nordamerikanske turneen etter albumet.[3]

Singelen «Wizard Man» kom ut før sjølve albumet, men selde dårleg. Albumet nådde berre 146. plass i USA og vart det siste albumet bandet gav ut før gjenforeininga til Procol Harum i 1991, då Gary Brooker slo seg saman at med tekstforfattar Keith Reid, Robin Trower og Matthew Fisher (trommeslagar B.J. Wilson var då alt død).

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Gary Brooker og Keith Reid, bortsett frå song nr. 4.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Something Magic» 3:37
2.«Skating on Thin Ice» 4:49
3.«Wizard Man» 2:41
4.«The Mark of the Claw»Mick Grabham, Keith Reid4:39
5.«Strangers in Space» 6:08
Side to
Nr.TittelLengd
1.«The Worm & the Tree» Part One
  • «Introduction»
  • «Menace»
  • «Occupation»
7:50
2.«The Worm & the Tree» Part Two
  • «Enervation»
  • «Expectancy»
  • «Battle»
  • 5:29
    3.«The Worm & the Tree» Part Three
  • «Regeneration»
  • «Epilogue»
  • 5:20
    Bonussspor på Salvo-utgåva frå 2009
    Nr.TittelLengd
    9.«Backgammon»3:23
    10.«You'd Better Wait»4:44
    11.«This Old Dog»3:41

    Medverkande endre

    Kjelder endre

    1. «Something Magic – Procol Harum | AllMusic». allmusic.com. 2011. Henta 4. september 2019. 
    2. Roland Clare, booklet notes for "Something Magic" reissue, 2009
    3. Roland Clare, booklet notes for "Something Magic reissue, 2009

    Bakgrunnsstoff endre