Sommar-OL 1900, offisielt Dei 2. olympiske sommarleikane, vart halde i Paris i Frankrike. Sjølv om Hellas ynskte å skipe til OL kvar gong, avgjorde Den internasjonale olympiske komitéen (IOK) at OL skulle haldast ulike stader kvar gong.

Dei 2. olympiske sommarleikane

Vertsby Paris i Frankrike
Nasjonar 24
Øvingar 95
Idrettsgreiner 19
Opna 14. mai 1900
Avslutta 28. oktober 1900
Utøvarar
Menn 975
Kvinner 22
Totalt 997
Dei olympiske sommarleikane
Aten 1896 St. Louis 1904

Det vart ikkje arrangert nokon opnings- og avslutningsseremoni. Leikane vart halden frå 14. mai til 28. oktober 1900, som ein del av Verdsutstillinga i Paris 1900.

I desse leikane fekk kvinner lov til å delta for fyrste gong, og den sveitsiske seglaren Hélène de Pourtalès vart den fyrste kvinnelege utøvaren, medan den engelske tennisspelaren Charlotte Cooper vart den fyrste kvinnelege meisteren.

Medaljestatistikk endre

Dei 10 beste nasjonane
PlassLandGullSølvBronseTotalt
1  Frankrike25363192
2  USA20141549
3  Storbritannia166931
4  Sveits6118
5  Belgia55515
6Blanda lag43310
7  Tyskland3227
8  Italia2103
9  Australia2035
10  Danmark1326

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre