Sommar-OL 1904 vart halde i USA, og vertslandet vart òg beste nasjon. Noreg fekk to gullmedaljar.

Sommar-OL 1904

Vertsby St. Louis i USA
Nasjonar 12
Øvingar 91
Idrettsgreiner 17
Opna 11. juli 1904, av David Francis
Avslutta 23. november 1904
Utøvarar
Menn 645
Kvinner 6
Totalt 651
Dei olympiske sommarleikane
Paris 1900 Aten 1906

Leikane var opphavleg tildelt Chicago, men ettersom Saint Louis skulle hysa verdsutstillinga det året insisterte dei på å arrangera leikane i tillegg, med trugsmål om å halda eigne, konkurrerande idrettsarangement dersom så ikkje skjedde.

Som Paris-leikane i 1900, som òg vart haldne parallelt med ei verdsutstilling, kom dei olympiske leikane i skuggen av dei betre vitja kulturelle arrangementa. Arrangementa strekte seg over to månader, med heile 96 «olympiske» tevlingar. Berre 42 av dei hadde deltakarar som ikkje var frå USA.

Desse leikane var dei første der ein i tillegg til gullmedalje òg delte ut sølv- og bronsemedaljar til dei som tok andre- og tredjeplass.

Tautrekking vart ei olympisk øving i 1904.

Medaljestatistikk endre

Dei beste nasjonane  
Plass Land Gull Sølv Bronse Totalt
1   USA 78 83 77 238
2   Tyskland 4 4 5 13
3   Cuba 4 2 3 9
4   Canada 4 1 0 5
5   Ungarn 2 1 1 4
6   Blanda lag 1 1 0 2
7   Storbritannia 1 1 0 2
8   Hellas 1 0 1 2
9   Sveits 1 0 1 2
10   Austerrike 0 0 1 1

Bakgrunnsstoff endre