Sommardag

(Omdirigert frå Sommarmål)

Sommardag, sommarnatt, sommarmål eller sommarmålsdag i folketrua vert rekna som 14. april, den første dagen i det nordlege sommarhalvåret. Dette er ein av merkedagane som er førkristen og folkeleg.

Sommarsida på primstaven (øvst) byrjar med sommardagen 14. april. Primstavmerket førestillar som regel eit lauvtre eller ei grein med lauv.

primstavane finn vi oftast eit tre med lauv. På Vestlandet og i Valdres var det heilt opp mot nyare tid arbeidsforbod, medan sommardagen i andre bygdelag var halvhelg. På Austlandet åt ein sommargraut. I ytre Hordaland var sommardagen første sådag, og i store delar av Sør-Noreg flyttedag for tenarar. Som vêret var denne dagen skulle det verte i tre veker i Beitestad eller sju veker i Verdal. Over heile landet var frost og snø varsel om ein dårleg og kald vår, medan ein varm sommardag spådde god sommar. Som vêret var sommardagen, vart avlingane om hausten i Gudbrandsdal. Ein klår sommardag tydde godt år i Seljord.

I meteorologien endre

I meteorologien er sommardag ein dag med maksimumstemperatur over 25 °C. I Norden nyttar ein ei grense på 20 °C (maksimumstemperatur) som definisjon på ein nordisk sommardag.

Kjelder endre

«sommerdag» i Store norske leksikon, snl.no.