Aphrodite
Song av Kylie Minogue
frå albumet Aphrodite
Utgjeve 5. juli 2010
Innspelt 2009 i London i England
Sjanger Dansepop, synthpop, electropop
Lengd 3:45
Selskap Parlophone
Komponist Katelyn Tarver
Låtskrivar(ar) Andy Chatterley
Nerina Pallot[1]
Produsent Andy Chatterley
Nerina Pallot[1]

«Aphrodite» er ein song av den australske songaren Kylie Minogue frå det ellevte studioalbumet hennar, Aphrodite (2010). Songen vart skriven av Nerina Pallot og produsert av Andy Chatterley.

Kylie Minogue framfører «Aphrodite» under Aphrodite: Les Folies Tour.
Foto: Jeanie Mackinder

Informasjon endre

«Aphrodite» vart skriven av den britiske songar og låtskrivaren Nerina Pallot og produsert av mannen hennar, Andy Chatterley.[2] Songen vart teken med på studioalbumet av same namn, som vart gjeve ut 5. juli 2010. Minogue spelte inn vokal i juli 2009 i London, der ho òg spelte inn songen «Better than Today» for same album.[1] Songen fekk generelt god mottaking frå kritikarar og vart òg teken med på EP-en A Kylie Christmas, som kom ut 1. desember 2010. Han stod òg på spelelista under turneen Aphrodite: Les Folies Tour[3] og vart framført som den første låta.[4]

Komposisjon endre

«Aphrodite» er ein dansepopsong som inneheld mange elektroniske element. Minogue skildrar seg sjølv som Afrodite, den greske gudinna for kjærleik, skjønnhet og glede.

Listeplassering endre

«Aphrodite» nådde sjetteplassen på topplista i Belgia (Ultratip Flandern) den 26. mars 2011,[5][6] sjølv om songen vart ikkje utgjeven som ein singel. Songen nådde òg 25.-plassen på Belgian Airplay Chart den 12. mars 2011 og tilbrakte to veker på hitlistene.[7][2]

Medverkande endre

  • Kylie Minogue – vokal, bakgrunnsvokal
  • Nerina Pallot – låtskrivar, produksjon, bakgrunnsvokal, gitar
  • Dave Emery – produksjon
  • Andy Chatterley – trommer
  • Stuart Price – produksjon, miksing

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Aphrodite (liner notes). Kylie Minogue. Parlophone Records. 2010.
  2. 2,0 2,1 «Kylie Minogue – Aphrodite». Ultratop. Henta 9. august 2013. 
  3. «Kylie Minogue Setlist at O2 Arena, London, England». Setlist.fm. Henta 9. august 2013. 
  4. Andy Gill (9. desember 2011). «Album: Kylie Minogue, Aphrodite Les Folies: Live in London (Parlophone) (4/5)». The Independent. Henta 9. august 2013. 
  5. «Ultratop Belgian Charts». Ultratop. 12. februar 2011. Henta 9. august 2013. 
  6. Steffen Hung. «Kylie Minogue – Aphrodite». australian-charts.com. Henta 18. september 2011. 
  7. «Belgium Airplay Chart». Ultratop. 12. mars 2011. Henta 9. august 2013. 

Bakgrunnsstoff endre