Songen Just Push Play

Just Push Play
Singel av Aerosmith
frå albumet Just Push Play
Utgjeve 17. april 2001
Sjanger Rap metal[1]
Lengd
    • 3:51 (album)
    • 3:17 (radio remix)
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar)
Produsent
Aerosmith-kronologi 
«Jaded»
(2001)
Just Push Play «Fly Away From Here»
(2002)


«Just Push Play» er ein song av det amerikanske rockebandet Aerosmith, frå det 13. studioalbumet deira med same namn (2001). Songen vart skriven av Steven Tyler, Mark Hudson og Steve Dudas. Han vart gitt ut som singel den 17. april 2001, og nådde ein 10. plass på den amerikanske Billboard Mainstream Rock Tracks-lista. Etter at han vart brukt i Dodge Ram-reklamar, vart «Just Push Play» lagt på spelelista til popradio-stasjonar i november 2001 og nådde 38. plassen på Billboard Top 40 Mainstream-lista.

Komposisjon endre

Songen er kjend for sine forvrengde gitarar, bruk av synthesizer (spesielt med trommer og tekst), og Steven Tyler sin patois-aktige song. Refrenget av songen inneheld òg frasen «fuckin' A» som blir sensurert med eit pip i store delar av songen; heilt til slutten, når skjellsordet faktisk kan høyrast eit par gonger. Radioredigeringa pip dette ut medan radiomiksen erstattar teksten. Songen har òg ein referanse til «Walk This Way».

I andre medium endre

Songen vart mykje spelte på Just Push Play-turneen til Aerosmith og vart òg brukt i Dodge Ram-reklamar, under partnarskapet til bandet med bilfirmaet i 2001.[2] Songen vart òg spelt under framferda til Aerosmith på den historiske velgjerdskonsertenUnited We Stand: What More Can I Give i oktober 2001. Låten vart òg inkludert på samleplata O, Yeah! Ultimate Aerosmith Hits frå 2002, men var ein radioredigert versjon av låten i staden for originalen.

Musikkvideo endre

Musikkvideoen til songen er berre klipp av bandet som framfører songen på konsert.

Salslister endre

Liste (2001–2002) Plassering
US Mainstream Rock (Billboard)[3] 10
US Pop Songs (Billboard)[4] 38

Kjelder endre

  1. «Aerosmith Albums Ranked Worst to Best». Ultimate Classic Rock. 1. april 2015. Henta 10. februar 2021. 
  2. Walk, Charlie (16. november 2001). pdf «Let the Music Play» Check |url= value (hjelp). Radio & Records (1428): 52. Henta 3. juni 2021. 
  3. "Aerosmith Chart History (Mainstream Rock)". Billboard. Retrieved 16. mai 2023.
  4. "Aerosmith Album & Song Chart History" Billboard Pop Songs for Aerosmith. Prometheus Global Media.