Sonoraørkenen (stundom òg kalla Gilaørkenen) er ein nordamerikansk ørken i sørvest i USA og nord i Mexico. Han strekkjer seg seg frå USA til Mexico og dekker store delar av delstatane Arizona og California og dessutan den meksikanske delstaten Sonora. Ørkenen er ein av dei varmaste og største i verda med eit areal på 311 000 km². I ørkenen er det ein unik variasjon i flora og fauna, som saguarokaktusen.

Sonoranørkenen
Nokre fjellformasjonar i Sonoraørkernen.
Sonoraørkenen ved Tucson.

Sonoraørkenen ligg heilt nord for Californiabukta, frå det nordaustlege Baja California gjennom søraustlege delar av California og søraust av Arizona til austlege delar av Sonora. Han går gjennom område som Bajo Colorado-dalen, el Vizcaíno og Sonorasletta.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sonoraørkenen
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.