Sorbarar (òg kjend som vendarar) er ei vestslavisk folkegruppe som for det meste bur i Tyskland, hovudsakleg i delstatane Sachsen og Brandenburg.

Mor og dotter i sorbisk folkedrakt frå Lausitz, Łužica eller Łužyca på sorbisk. Foto: Ivo Bauer

Folkegruppa er berekna til å utgjera ca. 60 000 menneske, medan rundt 20-30 000 av desse snakkar sorbisk, som finst i to variantar, oversorbisk og nedersorbisk. Sorbisk er rekna som eit minoritetsspråk i Tyskland. Det høyrer til same språkgruppe som polsk, tsjekkisk, slovakisk og kasjubisk.

I løpet av mellomalderen kom sorbarane under tysk herredømme, og dei vart i stor grad germanisert. Nesten heile den sorbiske folkegruppa bur i Tyskland. Filosofen Gottfried Wilhelm von Leibniz, oppdagaren Ludwig Leichhardt og Stanislaw Tillich, som er sjef for statskanselliet i Sachsen, er alle kjende sorbarar.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.