Sorevnovanija (russisk Остров Соревнования; Ostrov Sorevnovanija) er ei øy sør i Karahavet i Russland. Ho ligg i Sorevnovanijabukta, aust for Mikhailovhalvøya.

Sorevnovanija
øy
Land  Russland
Folketal 0 (2015)
Kart
Sorevnovanija
75°11′09″N 88°12′28″E / 75.185833333333°N 88.207777777778°E / 75.185833333333; 88.207777777778
Plasseringa til Sorevnovanijabukta og øyane som ligg her.

Øya er nesten trekanta og har ei lengd på 8 km og er i snitt 3,5 km brei. Midt på øya ligg ein liten innsjø. Øya ligg like ved Tajmyrhalvøya og sundet mellom dei er berre 500 meter breitt.

Det er to mindre øyar like ved Sorevnovanija. Ostrov Jezj er 1 km lang og ligg 2 km vest for det sørvestlegaste neset på Sorevnovanija. Den andre er litt større og ligg søraust for Sorevnovanija i ei lita bukt.

Desse øyane og den nærliggande kysten ligg i det aude tundraområde i Sibir. Havet omkring øyane er fylt av pakkis med noko polynijaer om vinteren og klimaet er hardt sjølv på sommaren.

Sorevnovanija høyrer til Krasnojarsk kraj og er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland og Europa.

Historie endre

Området rundt øyane vart utforska av Otto Sverdrup på skipet «Eklips» i 1914, medan han leita etter Brusilov og Rusanov.

Peter Tessem og Paul Knutsen, som forsvann frå Roald Amundsen sin ekspedisjon i området i 1919, mista livet i dette området. I 1921 reiste ein sovjetisk-norsk ekspedisjon til området for å leite etter dei og fann restane etter eit bål og forkola bein. Ein trudde først at dette var restane etter nordmennene, men nyare undersøkingar viser at bålet truleg var etter Rusanov-ekspedisjonen.

Kjelder endre

75°10′N 88°10′E / 75.167°N 88.167°E / 75.167; 88.167