Sortlandsbrua er ei spennbetongbru (bogebru) som går over Sortlandssundet mellom Langøya og Hinnøya og ligg i Nordland fylke. Ho er ein del av riksveg 82. Brua er bygd etter fritt frambygg-metoden og har ei total lengd på 948 meter, med lengste spenn 150 meter. Seglingshøgda er 30 meter, og brua har i alt 21 spenn. Hovudspennet er fundamentert på 30 meters vassdjupn med hjelp av senkekassar.

Sortlandsbrua

Sortlandsbrua
Typevegbru, Fritt frambyggbru
StadVesterålen
Opna4. juli 1975
StrekningRiksveg 85
Lengd948 meter
Fri høgd30 m
Største spenn150 m
KryssarSortlandssundet
Materialespennarmert betong
Kart
Sortlandsbrua
68°42′24″N 15°25′40″E / 68.706668°N 15.427895°E / 68.706668; 15.427895

Sortlandsbrua vart teken i bruk 4. juli 1975, og er ei av Vesterålsbruene. Desse vart oppførte på 1970-talet som ein del av eit interkommunalt samarbeid mellom kommunar i Vesterålen og Statens Vegvesen, og gav kommunane ferjefritt vegsamband. Vesterålsbruene vart til største delen finansiert gjennom bompengar.

Sortlandsbrua og dei andre Vesterålsbruene vart prosjektert av firmaet Aas-Jakobsen AS i Oslo.

Sortlandsbrua

Dei andre Vesterålsbruene er Andøybrua, Hadselbrua og den noko mindre Kvalsaukan bru. Saman med Tjeldsundbrua ved Harstad, knyter desse Vesterålen til fastlandet.

Før Sortlandsbrua vart bygd var ferjestrekninga mellom Sortland på Langøya og Strand på Hinnøya ei av dei aller travlaste i Noreg.

Kjelder endre