Sosial struktur eller sosialt system er eit sett av roller som står i eit gjensidig definert i forhold til kvarandre. Døme på slike system kan vere eit fengsel, eit skip, familien eller ein stat. I alle samfunn slår menneske seg saman og dannar det me kallar sosiale system, som skal ta seg av dei nødvendige samfunnsmessige behova.

Sosiologar seier gjerne at eit sosialt system er ei formalisering av menneskeleg åtferd. Eit eksempel på dette er den vidaregåande skulen i Noreg, som har mange reglar som både elevar og lærarar må følgje. Alvorlege brot på slike forskrifter kan føra til at elevar blir utviste eller at lærarar mistar arbeidet. I skulereglementet står det at du som elev har plikt til å samarbeida med lærarane. Blant elevane kan det derimot utvikla seg heilt andre oppfatningar av korleis dei skal oppføra seg, for eksempel at det ikkje er bra å kunne leksa alt for godt. Ved å lage slike uformelle reglar utviklar skuleungdom si eiga elevkultur.

Ofte slår folk seg saman i uformelle grupperingar innanfor eit sosialt system. Vi skil ofte mellom to ulike typar grupper avhengig av størrelse, varigheit og kontaktform. Små grupper med lang varigheit og hyppig kontakt er primærgrupper, medan større grupper med kortare varigheit eller hyppig byte av medlemmar og med sjeldnare personleg kontakt er sekundærgrupper.

Omfanget av sosiale system, og leiinga av dei, varierer frå kultur til kultur. Årsakene til denne variasjonen finn me i naturgrunnlag, produksjonsmåte, økonomisk system, erkjenningsformer og klasseforhold. I enkle jordbrukssamfunn er det naturleg nok ikkje behov for særleg mange sosiale system, jamvel om dei kan vere kompliserte nok. I moderne industrisamfunn ser me at det stadig oppstår nye sosiale system etter som tilboda av varer og tenester aukar.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  • Gyldendal sin soialkunnskapbok for videregåande opplæring
  • Store norske leksikon.