Sosiale medium er medium (kanalar eller plattformer) som ved hjelp av nettbasert teknologi (Internett og mobiltelefon) opnar for interaksjon mellom to eller fleire menneske (brukarar).

Bloggaren Noha Atef føreles om bruk av sosiale medium i samband med den egyptiske revolusjonen i 2011.

Ein definisjon av sosiale medium er ei gruppe internettbaserte applikasjonar som byggjer på det ideologiske og teknologiske grunnlaget til Web 2.0, og som tillet skaping og utveksling av brukargenerert innhald.[1] Med interaksjon mellom brukarane meiner ein mellom anna deling, vurdering (rating) og tagging, eller å poste kommentarar til bilete, artiklar eller anna innhald og informasjon hjå andre brukarar.

Døme på sosiale medium er nettsider som Facebook, Twitter, Google+, LinkedIn, ResearchGate, YouTube, MySpace, Gowalla, men også spel via spelkonsollar (t.d. PlayStation, Xbox, Nintendo eller andre web-baserte spelplattformer og spelkanalar), wikiar, blogging, vlogging og crowdsourcing. Sosiale medium blir i hovudsak drifta på reklamebasert verksemd.

I motsetnad til tradisjonelle medium (TV, avis, radio) er det brukarane som set føringa for kva innhaldet skal vere, og ikkje ein overordna aktør/avsendar. Sosiale medium er framheva som eit viktig middel for at motstandsrørsle skal nå fram i autoritære statar. Dette har vore nemnt som eit viktig trekk ved Den arabiske våren og oppstanden i Iran etter valet i 2009. Like viktig er det at autoritære statar har tilpassa seg den nye medieverda, og har nytta sosiale medium for å identifisere demonstrantar og det er innført innfløkt sensur.[2]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Kaplan Andreas M., Haenlein Michael, (2010)., Users of the world, unite! The challenges and opportunities of social media, Business Horizons, Vol. 53, Issue 1, p. 59-68.
  2. En revolusjon av retweets? Arkivert 2012-06-27 ved Wayback Machine. Minerva om sosiale medium i autoritære statar

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Sosiale medium