Sothøne

fugleart
Sothøne
Fulica atra
Fulica atra

Læte
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar[1]Utbreiinga av sothøne
Utbreiinga av sothøne
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Tranefuglar Gruiformes
Familie: Riksefamilien Rallidae
Art: Sothøne F. atra
Vitskapleg namn
Fulica atra

Sothøne (Fulica atra) er ein fugl i riksefamilien. Han held helst til i grunne vassområde med takrøyr, siv og flytande planter. Føda er mest plantekost. Han et og insekt og sniglar.

Fuglen er utbreidd frå Sentral- og Aust-Europa og Nord-Afrika til Sibir og Australia. I Noreg er han vanlegast ved Oslofjorden, på Jæren og i Trøndelag. Ein reknar at det hekkar 270-475 par i Noreg.[2]

Sothøna er delvis trekkfugl. Ho dreg truleg til Dei britiske øyane og Mellom-Europa. Ein del fuglar overvintrar langs den sørlege del av norskekysten.

Sothøna er svart. Nebb og panne er kvit. Beina er grønaktige. Dei har symjelappar. Ungfuglane har lysare strupe og fremre del av brystet. Dunkyllingane har oransjeraudt hovud.

Sothøna byggjer reir i tett vegetasjon. Reira er ofte store og flytande. Hofuglen legg 6-10 grågule egg med mørke prikkar. Båe fuglane rugar. Ungane forlet reiret etter 3-4 dagar, og kan flyge når dei er 7-8 veker gamle.

Kjelder endre

  1. Artsdatabanken Raudliste faktaark sothøne Fulica atra Linnaeus, 1758 Henta 4. desember 2010
  2. Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R, Stokke BG og Strøm H (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av sothøne Fulica atra for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 9. januar 2022

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sothøne