Sørvest-England

(Omdirigert frå South West England)

Sørvest-England (South West England) er ein region i England. Han dekkjer området kalla the West Country og store delar av det historiske Wessex, men ikkje Hampshire.

Sørvest-England
region
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Adm.senter Bristol / Plymouth
Areal 23 829 km²
Folketal 5 624 696 (2019)[1]
Kart
Sørvest-England
50°58′N 3°13′W / 50.96°N 3.22°W / 50.96; -3.22
Wikimedia Commons: South West England

Då regionen vart oppretta bestod han av Avon, Cornwall, Devon, Dorset, Gloucestershire, Somerset og Wiltshire. Grevskapet Avon har sidan vorte oppløyst og fleire distrikt er overført frå eit grevskap til eit anna.

Sørvest-England utgjer ein valkrins for vala til Europaparlamentet. Frå og med valet i 2004 vart Gibraltar rekna med i regionen i denne samanhengen.

Statusen til Cornwall i regionen er noko omstridd. Sjølv om dei fleste reknar grevskapet som ein del av England, er det ein større minoritet som meiner at det bør reknast som ein eigen nasjon. Dei fleste av desse går ikkje inn for sjølvstende, men ønskjer å stå utanfor Sørvest-England og utgjere ein eigen region med ein grad av sjølvstyre.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Sørvest-England