Denne artikkelen handlar om songen. For albumet, sjå David Bowie (1969).
Space Oddity
Singel av David Bowie
frå albumet David Bowie
B-side

«Wild Eyed Boy from Freecloud» (1969)
«Velvet Goldmine» (1975)

Språk engelsk
Utgjeve 11. juli 1969
26. september 1975 (nyutgjeving)
Innspelt Trident Studios i London, 20. juni 1969
Sjanger Psykedelisk folk, spacerock
Lengd 5:15
Selskap Philips (UK)
Mercury (U.S.)
Komponist David Bowie
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Gus Dudgeon
David Bowie-kronologi 
«Love You Till Tuesday»
(1967)
Space Oddity «Ragazzo Solo, Ragazza Sola»
(1969)


«Space Oddity» er ein song av den britiske artisten David Bowie frå 1969. Songen vart gjeven ut på singel i juli 1969. Songen finst i to forskjellige versjonar frå 1969. Den opphavlege, og kortare, versjonen av songen (3:48) vart nytta i marknadsføringsfilmen Love You Till Tuesday. Den lengre, nyinnspelte, versjonen (5:18) vart gjeven ut som opningssporet på David Bowie i 1969.

Songen omhandlar den oppdikta astronauten Major Tom, som på mystisk vis forsvinn i verdsrommet, og kom ut i ei tid då det var stor interesse for romfart. Månelandinga til Apollo 11 skjedde berre fem dagar etter singelen kom ut,[1] og BBC spelte songen som ein del av dekninga av hendinga.

Utanom tittelen, som speler på filmen 2001: A Space Odyssey, er introduksjonen i songen berre så vidt høyrbar og byggjer seg opp på liknande vis som den djupe basstonen i Also sprach Zarathustra som vert mykje nytta i filmen.

Songen fekk Ivor Novello-prisen i 1969, i lag med Peter Sarstedt sin «Where Do You Go To (My Lovely)?». Det vart den første hitten til Bowie i Storbritannia og vart så kjend at det andre albumet til Bowie, som opphavleg vart gjeven ut som David Bowie i Storbritannia (det same namnet som debutalbumet) fekk nytt namn etter denne songen i nyutgjevingane som kom etter 1973. Då singelen kom ut på ny som ein del av ein maxi-singel i 1975, gjekk songen heilt til topps på den britiske singellista.[2]

Songen markerer på mange måtar starten for den kjende delen av karrieren til Bowie. Det var den første singelen hans for Philips og Mercury. Den første singelen som nådde topp 10 på singellista (og seinare toppen av lista i Storbritannia). Det er den første songen på plata og sidan den første songen på stort sett alle samleplatene hans. «Space Oddity» har på mange måtar definert Bowie, kanskje fordi songen er like skiftande som Bowie sjølv har vore. Det er ein song for kjærleiksbrot, ein eksistensiell voggesong, ein produkttest, ein alternativ romfartshistorie, eit kalkulert karrièresteg og symbolsk heilt til slutten på draumen til motkulturen. Det er ein barnesong, ein song om dop, ein song om død og markerer fødselen til den første suksessrike, mytiske rollefiguren til Bowie.[3]

Bowie skreiv om Major Tom i seinare songar òg, i «Ashes to Ashes», «Hallo Spaceboy» og «Blackstar». Den tyske songaren Peter Schilling hadde ein hit i 1983 med «Major Tom (Coming Home)» som er ei attforteljing av songen. I 2013 vart songen igjen populær då han vart spelt av den kanadiske astronauten Chris Hadfield ombord på Den internasjonale romstasjonen. Dette var den første musikkvideoen som vart filma i verdsrommet.[4]

I januar 2016 vart songen igjen populær på ny etter David Bowie døydde, og nådde tredjeplassen på iTunes den 12. januar 2016.

Komposisjon endre

For here am I sitting in a tin can
Far above the world
Planet earth is blue
And there's nothing I can do

David Bowie (1969)

«Space Oddity» er ei sterk soge, som har tatt tittelen frå Arthur C. Clarke-boka, og Stanley Kubrick-filmen, 2001: A Space Odyssey, som begge kom i 1968. Likskapen i titlane tyder på at Bowie hadde filmen i tankane då han skreiv songen. Hovudkarakteren i filmen og romanen vert kalla David Bowman. Filmen byrja å gå i London i mai 1968 og gjekk i fleire månader. Bowie og Visconti såg filmen fleire gonger i løpet av sommaren og Bowie skal ha vore særleg slått av av dei siste scenane av eit «barn» flytande i rommet over jorda. Så mot slutten av 1968, då manageren til Bowie bad han skrive ein ny song for filmen Love You Till Tuesday, hadde Bowie eit scenario i tankane. Sjølv om 2001-filmen kan ha vore hovudinspirasjonskjelda, kan det ha vore fleire andre science fiction-soger som påverka Bowie.[5] I tillegg gjekk Apollo-ferdene. Bowie skreiv «Space Oddity» kring Apollo 8-ferda til månen i 1968, der ein på fjernsyn kunne sjå jorda frå raketten.

Då Bowie byrja å skrive songen, arbeidde han med den dåverande partnaren John Hutchinson, og var i ein dårleg tilstand.[5] Utsiktene til å bli popsongar var i ferd med å forsvinne og det intense forholdet hans til Hermione Farthingale var over, noko Bowie fortalte i eit intervju på VH1 Legends i 1997. Bowie innrømde òg fleire år seinare at han i 1968 ein kort periode prøvde heroin, og somme har hevda at «Space Oddity» i røynda er ein heroinsong, og at «liftoff»-delen er nåla som treff blodåra.[5] Bowie spelte den første versjonen av songen inn dagen etter det endeleg var slutt med Farthingale, noko som har ført til at biografane har spekulert i om tankane til Bowie reflekterte den lukkesalige isolasjonskjensla til Major Tom, eit ønske om å frigjere seg heilt frå forviklingane til menneska og berre drive inn i det store tomrommet.[5]

Sjølv om framandgjering er nøkkelen til songen, er han ikkje naken eller fortvila i det heile, og har somme barneliknande kvalitetar: teksten i starten høyrest ut som ein leik mellom to gutar med walkie-talkie med eit enkelt ordspel der «Can you hear me Major Tom? Can you hear» glir direkte over i «here am I floating round my tin can». ) og som David Buckley skriv, så nyttar Bowie ofte barneord i staden for meir «tekniske» ord, som «spaceship» i staden for «rocket», «countdown» i staden for «ignition sequence», og sjølv namnet Major Tom verkar å vere ein 50-tals actionhelt enn ein faktisk astronaut.

Songen er ofte tolka til å omhandle sjølvøydelegging og det å vere fråskilt menneskelegheita. Major Tom si kryptiske melding «Though I'm past one hundred thousand miles / I'm feeling very still / And I think my spaceship knows which way to go / Tell my wife I love her very much (She knows!)», tyder på at han lever og har det bra, og vel å slå av kommunikasjonen med bakkekontrollen.

Det virkar som om Bowie stadfestar denne tolkinga i oppfølgjaren til «Space Oddity», «Ashes to Ashes» frå 1980, der bakkekontrollen til slutt får følgjande melding frå Major Tom: «I'm happy, hope you're happy too». Andre tolkar songen som ein metafor for narkotikabruk, og særleg heroin. I «Ashes to Ashes», kan kommunikasjonsmangelen til Major Tom tolkast som eit menneske som har mista kontakten på grunn av narkotika. «Space Oddity» er stundom tolka som «ein dårleg rus». I starten av songen tar Major Tom piller («take your protein pills and put your helmet on»), og pillene har sin effekt («and I'm floating in a most peculiar way / and the stars look very different today»), men til slutt kjem aldri Major Tom ut av rusen.

«Space Oddity» var den mest intrikate songen Bowie hadde skrive til då. I løpet av fem minuttar er det ein intro, to vers, to fire taktar lange akustiske gitar-mellomspel, ein «liftoff»-sekvens med gitar og strykarar, ein 12-taktar lang elektrisk gitarsolo, eit tredje, lengre vers som delvis er eit refreng («Can you hear me Major Tom?»-delen) og ein lang avslutning som inneheld ein andre gitarsolo. Det vert nytta kring 15 forskjellige akkordar og teksten er stundom synkroniserte til endringane (i mellomspelet, då Major Tom flyt aleine i rommet «far above the world» («langt over jorda») er dei første akkordane Fmaj7 og Em7, dei to akkordane som den illevarslande introen hadde flytta seg mellom). Trass i denne kompleksiteten, har songen atmosfære og rom, og sjølv om han er konstant i rørsle, har han ein stillheit i sentrum.[5]

Songen var meint å vere ein duett. Opningsverset vart opphavleg sungen av Hutchinson (som ein kan høyre i demoen), som hadde lågare toneregister, medan Bowie harmoniserte ein oktav høgare. Hutchinson opna det andre verset som «ground control» fram til den store avsløyringa: Major Tom talar til slutt, der Bowie syng i den mest klangfulle stemma si.[5] Hutchinson hugsa at han og Bowie elska Bookends av Simon and Garfunkel, og her syng Hutchinson som «Simon», medan Bowie syng den lysare stemma som «Garfunkel». Eit par månader seinare hadde Bowie utvikla seg nok som songar til at han kunne spele alle rollene sjølv, og song songen solo.

Fleire andre artistar har laga songar som omhandlar liknande tema, og som gjenspeglar Bowie-songen. I tillegg til Bowie sin eigen «Ashes to Ashes» gav Elton John ut songen «Rocket Man», som fortel soga om ein einsam astronaut i verdsrommet, som er «not the man they think I am at home». Bowie viser til Elton John då han i ei konsertutgåve av «Space Oddity», gjeven ut på David Bowie BBC Sessions 1969-1972, syng «I'm just a rocketman!». I 1983 gav den tyske popsongaren Peter Schilling ut sin eigen versjon av soga, kalla «Major Tom», sjølv om han lenge hardnakka hevda at han aldri hadde høyrt om Bowie sin song.

Bowie returnerte igjen til soga i 1995, der ein remix av The Pet Shop Boys av songen «Hallo Spaceboy» brukte delar av teksten frå den originale «Space Oddity». Denne songen, som opphavleg var på plata Outside, vart gjeven ut på singel.

Innspeling endre

 
Romstasjonen i filmen 2001: A Space Oddyssey. Filmen var ei inspirasjonskjelde for «Space Oddity».

Etter at Bowie forlét plateselskapet Deram, forhandla manageren hans Kenneth Pitt fram ein avtale om eit album (med opsjon på eitt til to album i tillegg) med Mercury Records, og den britiske avdelinga deira Phillips i 1969. Sjefane i Mercury hadde høyrt eit lydband med ein demo av «Space Oddity», spelt inn av Bowie og den dåverande musikalske partnaren sin John Hutchinson våren 1969. Ein enno tidlegare versjon av songen vart spelt inn 2. februar 1969 for promofilmen Love You Till Tuesday.[6]

På den første innspelinga for Love You Till Tuesday den 2. februar 1969, er det meste av songstrukturen på plass. Rytmen er ikkje heilt rett og eit par seksjonar høyres spinkle ut, til dømes ein skrikande fløytesolo i staden for den seinare elektriske gitarsoloen.[5] Då Bowie og Hutchinson spelte inn songen som ein demo, som var ein del av prøvespelinga for Philips/Mercury, i mars-april 1969, introduserte Bowie Stylophone-instrumentet på songen. Stylophone-instrumentet hadde Bowie fått då produsenten sendte eit tidleg eksemplar til manageren til Bowie. Instrumentet var ein primitiv, berbar synthesizer, som hadde to innstillingar, «normal» og «vibrato». Ein spelte på instrumentet ved å røre ein liten stift på eit bitte lite klaver, som så lukka ein krins og sendte ut ein tone. Bowie leika med instrumentet ei stund før han fann ut korleis han kunne lage den summande progresjonen som vart grunnlaget for dei første versa av songen.[5]

Bowie prøvde så å finne ein produsent. George Martin avslo tilbodet, medan Tony Visconti likte demoutgåva av songane til albumet, men syns at singelen «Space Oddity» var eit «billig forsøk» på å utnytte Apollo 11-ekspedisjonen, og gav produksjonsansvaret vidare til Gus Dudgeon.[7] Songen vart spelt inn i Trident Studios en 20. juni 1969 (med fleire lydspor nokre dagar seinare) og med på albumet var studiomusikarane Rick Wakeman (mellotron), som seinare vart kjend med det progressive rockebandet Yes, og Mick Wayne (gitar), Herbie Flowers (bass) og Terry Cox (trommer).[8]

Songen vart nytta i marknadsføringa for instrumentet Stylophone, som Bowie speler på songen og som kan høyrast i bakgrunnen under opningsverset. Singelen vart ikkje spelt av BBC før etter Apollo 11-mannskapet var trygt attende.[9] Etter denne langsame starten nådde songen femteplassen på på den britiske singellista. I USA nådde han ikkje meir enn 124. plassen.

Lydspor endre

I 2009 gav Bowie ut «Space Oddity» på ny som ein digital EP, der ein kan finne dei åtte opphavlege lydspora som vart sett saman til den endelege songen:

Bowie sin Stylophone og Mick Wayne sin elektriske gitar er på same sporet. Stylofonen er det definerande instrumentet i songen. Han spelar berre tre tonar i opningsverset på den høgaste innstillinga og «skjelv» når verset går over i liftoff-sekvensen. Instrumentet spelar eit repeterande mønster på to notar, som høyrest ut som ei politisirene kvar gong Bowie strekkjer ut ei linje (til dømes «made the GRADE» eller «most peculiar WAY». Under gitarsoloen held synthesizeren berre ein enkel note.

Innspelinga er ein kontrast mellom tradisjonelt orkesterinstrumentering (åtte fioloniar, to bratjsar, to celloar, to kontrabassar og to fløyter) og ein mellotron, som vert spelt av Rick Wakeman. Mellotronen kjem først fram under mellomspelet og erstatta så stylofonen det meste av tredjeverset.

Herbie Flowers spelte bass og Terry Cox trommer på innspelinga. Dette var den første innspelinga til Flowers. Han skreiv seinare den kjende basslinja på «Walk on the Wild Side» og spelte på Bowie-albumet Diamond Dogs. Flowers varierer frå enkle, repeterande tonar til jazzaktige bassgangar, til ein fullverdig bassolo i avsluttinga. Cox var trommeslagar i Pentangle.

Utgjeving endre

Då eg opphavleg skreiv om Major Tom, var eg særs pragmatisk
og eigensindig som trudde eg visste alt om den store amerikanske draumen
og kvar han starta og kvar han burde stoppe. Her fekk me denne store eksplosjonen
av amerikansk teknologisk kunnskap som dytta denne fyren opp i verdsrommet,
men når han er der så er han ikkje sikker på kvifor han er der.
Og det er der eg etterlet han.

David Bowie, intervju med NME, 1980.

«Space Oddity»-versjonen som vart spelt inn i 20. juni 1969, fekk sin debut over PA-systemet på gratiskonserten til Rolling Stones i Hyde Park den 5. juli, som hadde blitt ein improvisert minneseremoni for Brian Jones. BBC spelte «Space Oddity» under månelandinga (men dei brukte hovudsakleg «Also Sprach Zarathustra», som hadde blitt ein slags offisiell song etter 2001-filmen). «Space Oddity» selde dårleg då han først kom ut og gjekk ikkje inn på salslistene, og verka som nok ein mislukka singel for Bowie. Så byrja singelen brått og klatre på lista på hausten og nådde til slutt topp 10 i Storbritannia med ein femteplass i november 1969.

Mogol skreiv ein italiensk tekst til songen, og Bowie spelte inn vokalen på nytt i desember 1969. Denne utgåva vart gjeve ut på singel i Italia med namnet «Ragazzo Solo, Ragazza Sola» («Einsam gut, einsam jente»), i følgje rapportar var dette for å ta bort merksemda frå versjonar spelt inn av dei italienske banda Equipe 84 og The Computers.

Mercury hadde gjeve ut singelen i USA, men her skjedde det lite. Då Bowie omsider fekk gjennombrotet sitt i USA i 1972, gav det dåverande selskapet hans RCA (som hadde kjøpt det meste av materialet til Bowie på Mercury) ut «Space Oddity» på ny, og tvang ein utsliten Bowie til å lage ein musikkvideo utkledd som Ziggy Stardust. Videoen vart laga av Mick Rock. Denne nyutgjevinga nådde 15. plassen på Billboard-lista i USA i 1973 og vart den første hitsingelen hans i USA. I Canada nådde singelen 16. plassen.[10]

I 1975, som var eit magert år for popmusikken, marknadsførte RCA katalogen sin i Storbritannia med ein «Maximillion»-serie, der dei gav ut at singlar med Elvis Presley på ny, og gav ut «Space Oddity» i lag med «Changer» og «Velvet Goldmine». Singelen gjekk denne gongen heilt til topps på UK Singles Chart i november det året. Dette vart den første førsteplassen til Bowie i heimlandet. Singelen låg to veker på toppen av lista.[11] Veka då David Bowie døydde, i januar 2016, gjekk songen, i lag med 12 andre Bowie-songar, nok ein gong inn på singellista i Storbritannia med ein 24. plass.

Bowie spelte ei utgåve med mykje enklare arrangement på Kenny Everett's New Year's Eve Show i 1979, og gav denne ut som B-sida til singelen «Alabama Song» i februar 1980. Musikkvideoen som vart nytta i dette showet brukte mange av dei same kulissene som musikkvideoen til «Ashes to Ashes», og knytte sambandet mellom desse to songane enno tettare. Denne utgåva kom òg som bonusspor på Rykodisc si utgåve av albumet Scary Monsters (and Super Creeps). Denne versjonen hadde eit særs enkelt arrangement, med stemma til Bowie, ein akustisk gitar og eit enkelt akkompagnement. I staden for liftoff-sekvensen kjem det 12 sekund med stille. Han framførte songen med ein intensitet han aldri tidlegare hadde, og kort tid etter spelte han inn «Ashes to Ashes».[5]

B-sida til den originale singelen, «Wild Eyed Boy from Freecloud» kom først ut på CD i plateboksen Sound + Vision i 1989. Denne samlinga inkluderte òg demoen til Bowie og Hutchinson frå våren 1969 av «Space Oddity» som opningsspor. Denne samlinga inneheld òg den originale demoen frå våren 1969 av «Space Oddity», med Bowie og Hutchinson.

Den 20. juli 2009 vart singelen gjeven ut som ein digital EP med fire tidlegare uutgjevne versjonar av songen og fleire spor der kvart instrument vert spelt isolert, slik at lyttarane kunne mikse songen sjølv. Utgjevinga kom i samband med 40-årsjubileet til utgjevinga av songen og månelandinga.

«Space Oddity» var ein av dei spelbare songane i videospela Rock Band 3 og Rocksmith. «Space Oddity» vert òg nytta under rulleteksten i det psykologiske thriller-spelet Alan Wake.

Ein versjon av songen med vokal frå skodespelarinna Kristen Wiig vart nytta i filmen The Secret Life of Walter Mitty.[12]

Konsertversjonar endre

Musikkvideo endre

I dagane etter songen, filma Bowie ein musikkvideo for å marknadsføre filmen Love You till Tuesday.

I desember 1972 filma Mick Rock Bowie som spelar songen under innspelinga av Aladdin Sane, og dette klippet vart brukt for å reklamere for ei ny utgåve av singelen i januar 1973.

Innhald endre

Alle songar skrivne av David Bowie.

Britisk original 1969
  1. «Space Oddity» – 4:33 (mono)
  2. «Wild Eyed Boy from Freecloud» – 3:52
Tyskland/Nederland 1969
  1. «Space Oddity» – 5:13 (stereo)
  2. «Wild Eyed Boy from Freecloud» – 4:59 (stereo)
Amerikansk original 1969
  1. «Space Oddity» - 3:26
  2. «Wild Eyed Boy from Freecloud» - 3:20
Amerikansk nyutgåve 1973
  1. «Space Oddity» - 5:05
  2. «The Man Who Sold the World» - 3:53
Britisk nyutgåve 1975
  1. «Space Oddity» – 5:15
  2. «Changes» – 3:33
  3. «Velvet Goldmine» – 3:14

2009-utgåva (Digital EP)
  1. «Space Oddity» (Original UK mono single edit)
  2. «Space Oddity» (US mono single edit)
  3. «Space Oddity» (US stereo single edit)
  4. «Space Oddity» (1979 re-record)
  5. «Space Oddity» (Bass and Drums)
  6. «Space Oddity» (Strings)
  7. «Space Oddity» (Acoustic guitar)
  8. «Space Oddity» (Mellotron)
  9. «Space Oddity» (Backing vocal, flute and cellos)
  10. «Space Oddity» (Stylophone and guitar)
  11. «Space Oddity» (Lead vocal)
  12. «Space Oddity» (Main backing vocal including countdown)

Medverkande endre

Den originale utgåva 1969:

Musikarar
Teknisk

Lister og salstrofé endre

Lister endre

Liste (1969–2016) Plassering
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[13] 20
Frankrike (SNEP)[14] 100
Irland (IRMA)[15] 3
Nederland (Mega Single Top 100)[16] 4
New Zealand (RIANZ)[17] 39
Sverige (Sverigetopplistan)[18] 15
UK Singles (Official Charts Company)[19] 1
US Billboard Hot 100[20] 15

Salstrofé endre

Region Salstrofé
Italia (FIMI)[21] Gold

Andre versjonar og samplingar endre

I mai 2013 spelte den kanadiske astronauten Chris Hadfield, kommandant under Ekspedisjon 35 til Den internasjonale romstasjonen, inn ein video av songen på romstasjonen som vart viral og fekk mykje mediaomtale.[22] Teksten er noko endra. Slutten var erstatta med at Major Tom fekk ordre om å lande og utførte det trygt, og synte at Hadfield hadde tenkt å vende attende trygt frå den siste ekspedisjonen sin. Hadfield annonserte videoen på Twitter-kontoen sin og skreiv «Med omsyn til geniet David Bowie, her er Space Oddity, innspelt på Stasjonen. Eit siste glimt av verda». Bowie vart òg takka i slutten av videoen.[23] Dette var den første musikkvideoen som vart spelt inn i verdsrommet.[24] Bowie svarte på videoen og tvitra attende til Hadfield, «Hallo Spaceboy». Videoen var tidleg i 2016 sett nær 30 millionar gonger på YouTube. Framføringa vart tema i ein artikkel av Glenn Fleishman i The Economist den 22. mai 2013 der han analyserte dei juridiske implikasjonane av å offentleg framføre opphavsverna musikk i bane rundt jorda.[25] Songen er den einaste songen til Bowie som han ikkje eigde rettane til. Forlaget til Bowie gav Hadfield ein lisens til songen for eitt år.[26] Då lisensen gjekk ut etter eitt år, vart den offisielle videoen teken av nettet den 13. mai 2014,[27] trass i at Bowie ønskte at Hadfield skulle få lov til å spele songen og produsere videoen gratis.[26] Etter ein forhandlingsperiode vart videoen lagt ut att på YouTube den 2. november 2014 med ein to år lang lisensavtale på plass.[28]

Den amerikanske songaren Lana Del Rey nyttar ein interpolasjon av «Space Oddity» i «Terrence Loves You» frå det fjerde studioalbumet Honeymoon. Denne kom ut 21. august 2015.

Adam Sandler sin rollefigur syng noko av songen medan han flyr helikopter til New York City i filmen Mr. Deeds i 2002. Songen vert nytta i den spanske sci-fi-filmen Eva (2011) då hovudpersonen dansar med den gamle flammen sin, som no er gift med bror hans. Songen vert òg spelt i Ben Stiller-filmen The Secret Life of Walter Mitty med Kristen Wiig og ein eldre David Bowie.

Sjå òg endre

Andre utgåver endre

Kjelder endre

  1. Tara Bahrampour (11. januar 2016). «David Bowie dies at 69; mesmerizing performer and restless innovator». Washington Post. 
  2. Marknadsført som RCA Maximillion Series, 3 Tracks For The Price of 2 (RCA 2593). Songane var «Space Oddity», «Changes» og «Velvet Goldmine» (RCA 2593).
  3. Chris O’Leary. «Space Oddity». Pushing Ahead of the Dame. Henta 15. januar 2016. 
  4. Chris Hadfield sings "Space Oddity" in the first music video in space
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 5,7 5,8 Chris O’Leary. «Space Oddity». Pushing Ahead of the Dame. Henta 15. januar 2016. 
  6. Kevin Cann (2010). Any Day Now - David Bowie: The London Years: 1947-1974: pp.147, 145
  7. Life on Two Legs - biografi av Norman Sheffield
  8. Kevin Cann (2010). Any Day Now - David Bowie: The London Years: 1947-1974: pp.153-154, 155
  9. «Bowie @ The Beeb | Arts and Entertainment | BBC World Service». Bbc.co.uk. Henta 16. januar 2016. 
  10. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 16. januar 2016. 
  11. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 319–20. ISBN 1-904994-10-5. 
  12. James Christopher Monger. «The Secret Life of Walter Mitty [Original Motion Picture Soundtrack] - Original Soundtrack | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 16. januar 2016. 
  13. "Ultratop.be – David Bowie – Space Oddity" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 31 January 2015.
  14. "Lescharts.com – David Bowie – Space Oddity" (på fransk). Les classement single. Hung Medien. Henta 11 January 2016.
  15. "The Irish Charts – Search Results – Space Oddity". Irish Singles Chart. Retrieved 31 January 2015.
  16. "Dutchcharts.nl – David Bowie – Space Oddity" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 31 January 2015.
  17. "Charts.org.nz – David Bowie – Space Oddity". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 15 January 2016.
  18. "Swedishcharts.com – David Bowie – Space Oddity". Topp 60. Hung Medien. Henta 31 January 2015.
  19. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 31 January 2015.
  20. "Bowie?f=379&g=Singles David Bowie Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for David Bowie. Prometheus Global Media. Henta 31 January 2015.
  21. «Italian single salstrofé – David Bowie – Space Oddity» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Henta 31 January 2015.  Select Online in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter David Bowie in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  22. Knapp, Alex (13 May 2013). «Astronaut Chris Hadfield Sings David Bowie As He Departs The International Space Station». Forbes. Henta 16. januar 2016. 
  23. «Space Oddity». YouTube. Arkivert frå originalen 26. mars 2014. Henta 16. januar 2016. 
  24. Davis, Lauren (12 May 2013). «Chris Hadfield sings «Space Oddity» in the first music video in space». Gawker Media. Henta 16. januar 2016. 
  25. Fleishman, Glenn (22 May 2013). «How does copyright work in space?». The Economist. Henta 16. januar 2016. 
  26. 26,0 26,1 «Apology to David Bowie». Ottawa Citizen. 20 June 2014. Henta 16. januar 2016. 
  27. «Bowie's last day - we had permission for a year, so our Space Oddity video comes down today. One last look:». Henta 16. januar 2016. 
  28. «Space Oddity». chrishadfield.ca. Henta 4 November 2014. 

Bakgrunnsstoff endre