Spagetti (frå spaghetti, italiensk fleirtalsform av eit diminutiv av spago, 'streng, tråd'[1]) er ein type pasta forma som lange, sylindriske trådar.

Kokt spagetti
'Spagettietar'. Napolitansk mann et spagetti med fingrane. Både retten og etemåten var eit symbol for Napoli på 1800-talet.[2]
Foto: Giorgio Conrad

Spagetti blir laga av semule av durumkveite i Italia, men ein kan også bruka vanleg kveitemjøl. Kornet blir blanda med vatn til deig, kjevla ut, skoren til trådar og kappa av.[3] I dag blir spagetti vanlegvis kjøpt tørka, avkappa til ei standardlengd, men det går òg an å kjøpa fersk spagetti eller laga sin eigen.[4]

Spagetti kan ha mange ulike utformingar og namn som går på form, tjukkleik og lengd.

Runde spagettitypar:[4]

  • Pici, handrulla spagetti
  • Spaghettoni, tjukke trådar
  • Spaghetti, «standard», middels tjukke trådar
  • Spaghettini, tynnare trådar
  • Fedelini ('små trufaste'), trådar som er litt tynnare enn spaghettini
  • Vermicelloni, trådar som er litt tynnare enn fedelini
  • Vermicelli, 'små ormar', trådar som er litt tynnare enn vermicelloni
  • Capellini, 'tynne hår', trådar som er litt tynnare enn vermicelli
  • Capelli d’ngelo, 'englehår', den tynnaste spaghettitypen

Flate spagettitypar:

  • Linguine ('små tunger'), tynn flat spagetti
  • Fettuccine ('små band'), noko tjukkare enn linguine, ca. 6,5 mm brei)
  • Tagliatelle (avleidd av tagliare, 'å skjera'). Tjukk bandspagetti laga med egg.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Spagetti
  Denne matartikkelen som har med Italia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.