Spansk invasjon av Portugal i 1762

Spansk invasjon av Portugal
Del av sjuårskrigen
[[Fil:|300px]]
Dato 9. mai til 24. november 1762
Stad Nordlege og austlege Portugal
Resultat Strategisk portugisisk-britisk siger[1][2];
Militær stillstand[3][4][5][6][7]
Partar
 Portugal
 Storbritannia
 Spania
 Frankrike
Kommandantar
Flagget til Portugal greven av Lippe
Det britiske flagget jarlen av Loudoun
Det britiske flagget George Townshend
Det britiske flagget John Burgoyne
Flagget til Spania Marquis of Sarria
Flagget til Spania greven av Aranda
Styrkar
10 000 portugisarar
8000 britar
45 000 spanjolar
12 000 franskmenn (ikkje i kamp)
Tap
låge låge
Den spansk-portugisiske krigen 1761-1763
Portugal (1762)Colonia del Sacramento (1762)Río Grande de San Pedro (1763)

Den spanske invasjonen av Portugal, mellom 9. mai og 24. november 1762 var den største militære hendinga under den spansk-portugisiske krigen 1761–1763, som igjen var ein del av den større sjuårskrigen. I starten omfatta han berre armeane til Spania og Portugal, før franskmennene og britane gjekk inn på kvar si side av konflikten.

Bakgrunn endre

Spania og Portugal hadde begge vore nøytrale under sjuårskrigen, som offisielt starta i 1756. Under Ferdinand VI hadde Spania hatt eit godt forhold til britane og ønskte derfor ikkje å slå seg saman med Frankrike, som var deira tradisjonelle allierte, mot Storbritannia. Dette endra seg då ein ny monark kom til trona, Karl III, som var langt meir for Frankrike, og seint i 1761 gjekk dei to statane til krig.

Opptakt endre

Den opphavleg spanske planen var å ta Almeida og så rykke fram mot Alentejo og Lisboa, men etter at Marquis av Sarria vart utpeikt til øvstkommanderande, valde han å starte med eit åtak i nord med Porto som mål. Dette ville vere eit hardt slag mot britane, som hadde store kommersielle interesser i Porto, samt at det ville tiltale Elisabeth av Parma, dronningmora, som framleis hadde mykje makt bak den spanske trona, og ønskte å spare stillinga til dottera Mariana Victoria, som var dronning i Portugal. Det var uansett ikkje noko poeng i å motarbeide portugisarane på urimeleg vis, og om dei ikkje vart angripen i hovudstaden så var det kanskje ein sjanse for at dei ville trekke seg.

Slaget endre

Det spanske åtaket endre

I byrjinga av mai kryssa spanske soldatar frå Galicia inn i Portugal og tok lett dei forsvarslause byane Chaves og Bragança, samt Miranda do Douro, som hadde festningsverk, men som kapitulerte så snart ein uheldig eksplosjon hadde laga eit stort hol i murane. Dei tok så Trás-os-Montes-platået så langt som til Torre de Moncorvo, som òg var ein open by, sjølv om spanjolane venta at han skulle vere forsvart. Her fann dei store mengder våpen og ammunisjon.

Åtaket på Porto gjekk i stampe, fordi spanjolane ikkje forstod kor vanskeleg det var å krysse landet. Dei vart òg forseinka fordi spanske soldatar ved Zamora, som var på veg til Almeida, ikkje klarte å krysse elva Esla på grunn av flaum. Dei klarte ikkje krysse ho før dei hadde laga ei pongtongbru over ho. Frankrike hadde òg sendt 12 000 mann, men denne styrken vart redusert av sjukdom og aldri nytta på slagmarka, fordi forholdet deira til spanjolane var vanskeleg. Marquis av Sarria mista dyrekjøpt tid og vart erstatta av greven av Aranda frå midten av august.

Britane går inn i krigen endre

Forseikninga gjorde at britane fekk tid til å føre over fem regiment under John Campbell av Loudoun frå den okkuperte øya Belle-Ile utanfor kysten av Frankrike. Dei nådde Lisboa den tredje veka i juli. Det vart avgjort at jarlen av Loudoun skulle vere nestkommanderande og at den tyske grev Wilhelm av Schaumburg-Lippe skulle ta over kommandoen frå den sjuke Baron Tyrawley.

Omleiringa av Almeida endre

For meir om dette emnet, sjå omleiringa av Almeida i 1762.

I midten av august kryssa den nye spanske øvstkommanderande Conde de Aranda, Côa, og okkuperte Castelo Rodrigo og kringsette og tok festninga Almeida på grensa den 25. august. Lippe valde å gjere eit motåtak. Ei kampgruppe under John Burgoyne støtta det store portugisiske infanteriet og kryssa Tajo og 24. august tok dei den spanske byen Valencia de Alcántara. Dei reinske området kring for spanske soldatar og tok mange fangar, mellom anna ein spansk general som dei sleppte fri for løysepengar. Den vesle sigeren auka moralen til portugisarane og Burgoyne fekk ein stor diamant som pris.

Lippe organiserte så eit forsvar langs elva Zêzere og brukte sommaren på å studere stillingane til spanjolane og tenke ut mottiltak. Han sendte soldatane ut på mange marsjar og motmarsjar. Han hindra spanjolane i å krysse Tajo ved Vila Velha de Ródão og den 7. oktober utførte Burgoyne eit raid mot spanjolane i Vila-Velha og sette eit batteri ut av spel før han kryssa elva trygt igjen. Halvvegs ut i oktober hadde regnvêr ført til at det ikkje var mogeleg å krysse Zêzere igjen. I november gjekk spanjolane til åtak på to mindre stader, Marvão og Ouguela, men dei klarte ikkje å halde på nokre av dei.

Den 24. november informerte greven av Aranda Lippe om at ein førebuande fredsavtale hadde vorte signert og at ein hadde kome fram til ei våpenkvile.

Etterverknad endre

Britane og portugisarane hadde suksess med smidige marsjar og mot-marsjar, slik at sjølv om spanjolane hadde langt fleire soldatar, så møtte dei alltid forsvararane i gode stillinga og turte aldri å risikere eit totalåtak. Det var få dødsfall i slaget, men mange soldatar på begge sider omkom av sjukdom. Fleire britiske og spanske soldatar, som seinare vart kjende i den amerikanske sjølvstendekrigen, tente i denne krigen. Krigen har vore lite omtalt, truleg fordi det aldri kom til store slag, og vart overskugga av andre hendingar i sjuårskrigen.

Konflikten er tema for romanen Absolute Honour av C.C. Humphreys, der helten Jack Absolute tener i ein britisk dragontropp kommandert av oberst John Burgoyne, som seinare vart kjend for fella si i Saratoga.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Spanish invasion of Portugal (1762)» frå Wikipedia på engelsk, den 13. november 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Simms, Brendan. Three Victories and a Defeat: The Rise og Fall of the First British Empire. Penguin Books (2008)
    • Petrie, Sir Charles. King Charles III of Spain. Constable, 1971. ISBN - 0094572704
    • Savelle, Max; Fisher, Margaret Anne. The origins of American diplomacy: the international history of Angloamerica, 1492-1763. Macmillan, 1967.
    • Madariaga, Salvador de. The fall of the Spanish American empire. Greenwood Press, 1975. ISBN 9780837182674
    • Paice, Edward. Wrath of God: the great Lisbon earthquake of 1755. Quercus, 2008. ISBN 9781847246233
    • Hull, Anthony H. Charles III and the revival of Spain. University Press of America, 1980. ISBN 9780819110220
  1. Petrie s. 109-11
  2. Simms s. 487
  3. Savelle/Fisher s. 501
  4. Madariaga
  5. Paice s. 229
  6. Historia militar de España. Campañas: PRIMERA Primera Guerra del III Pacto de Familia (1762 - 1763) Los ingenieros del rey. (spansk)
  7. Hull s. 102