Spekk er eit kompleks lipidvev mellom skinn og musklar hos fleire pattedyr, som kvalar, selar, bjørnar og elefantar. Spekklaget hos visse kvalartar kan bli meir enn 50 cm tjukt (nokre hevdar meir enn 80 cm på visse stader av kroppen). Spekklaget isolerer mot kulde og lagrar energi. Dette er viktig for visse kvalarter, bjørnar og nokre andre pattedyr som av ulike grunnar i lange perioder ikkje et. Desse dyra må leve av spekklageret dei har opparbeidt på kroppen.

Kvalspekk

Spekk består av bindevev og feittceller. Bindevevet består av ein type kollagen og gjer spekket stivt, men likevel fleksibelt. Spekklaget er ikkje likt på alle delar av kroppen. På visse område er det tjukt og på andre relativt tynt. Dessutan har ikkje spekket same samansetnad heile vegen inn frå skinn til muskel, fordi innhaldet av kollagen og lipid varierer.

Lipida lagrast i feittcellene. For dei artane som gjennomgår ein kost- og svoltsyklus eller ein periode med dvale, kan tjukkleiken på spekklaget variere mykje gjennom året.

Lipida varierer òg med artane, posisjon i spekklaget, og dyret sitt kosthald. Til dømes har kvalar frå Atlanteren feittsyrer i spekket sitt som minner meir om feittsyrene i fiskeolje, enn kvalar frå Antarktis som et meir krill.

Sjå òg endre

Kjelder endre