Spellemannprisen 1980

Spellemannprisen 1980 vart delt ut våren 1981. Skodespelaren Kari Diesen fekk heidersprisen frå juryen dette året. I eit forsøk på å take omsyn til stadig nye retningar innanfor rock, vart det innført ei to-deling av rock-klassen. Denne delinga varte berre i to år. Dette året vart det delt ut pris for beste barneplate, etter at klassen hadde hatt eit fråvær på tre år.

Vinnarar endre

Klasse Artist Tittel
Pop Dollie Første akt
Rock Åge Aleksandersen & Sambandet Ramp
Rock (ny-rock) The Aller Værste! Materialtretthet
Folkemusikk/gammaldans Land Spelmannslag Gammeldans og springdans fra land
Jazz Frode Thingnæs Quintet Direct To Dish
Klassisk musikk/samtidsmusikk Arve Tellefsen Serenade
Visesong Ballade! Ekstranummer
Open klasse Contemporary Music From Norway Diverse plater
Barneplate Rolf Just Nilsen Asbjørnsen & Moes eventyr 1 & 2
Spesialpris: heiderspris frå juryen Kari Diesen

Kjelder endre