Spettmeis

art av sporvefuglar
Spettmeis
Spettmeis Foto: Edvard Aske
Spettmeis
Foto: Edvard Aske
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Spettmeis
Utbreiinga av Spettmeis
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Familie: Spettmeisfamilien Sittidae
Slekt: Sitta
Art: Spettmeis S. europaea
Vitskapleg namn
Sitta europaea

Spettmeisa (Sitta europaea) er cirka 15 cm, hannfugl og hofugl er nesten heilt like. Spettmeisa er ein tett «plugg» med stort hovud og eit rett, meiselforma nebb. Styrken til nebbet blir understreka av den framståande svarte augestripa. Dette er ein svært spesiell fugl på mange måtar. Når han skal ha seg mat, hentar han ofte ei nøtt nede frå bakken og tek ho med seg opp i eit tre. Der plasserer han nøtta omhyggeleg ned i ein fast sprekk. Han hakkar på nøtta til ho klovnar. Her kjem det kraftige nebbet godt med. Spettmeisa er også den største treakrobaten av alle fuglar. Han er den einaste som er i stand til å faktisk klatre nedover bratte trestammar utan problem. Han sprintar nedover stammen i ein valdsam fart. Han nyttar heller ikkje stjerten til støtte. Dette er noko dei aller fleste fuglar gjer. Spettmeisa rugar i 15-18 dagar på 6-8 kvite egg med rustraude flekkar. Om spettmeisa hekkar i ein fugleholk, kan ho lett jage bort større fuglar som alt har teke i bruk reirplassen. Spettmeisa murar igjen holet til det er passe stort berre til ho, og større fuglar må finne seg ein annan plass å legge reiret sitt. Ho kan til og med jage bort kattugle på denne måten. Svært utprega standfugl.

Sjå også endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Spettmeis