Spitsbergen (tidlegare Vestspitsbergen) er den største øya i øygruppa Svalbard i Nordishavet. Øya har eit areal på 37 673 km²[1], og er med det den største øya i Kongeriket Noreg, meir enn ti gonger så stor som Hinnøya, den største øya langs norskekysten. Omlag 58,5 % av øya er isdekt.

Spitsbergen
Geografi
Stad Nordishavet
Koordinatar 78°54′N 18°01′E / 78.900°N 18.017°E / 78.900; 18.017
Øygruppe Svalbard

Areal 37 673 km²

Høgaste punkt Newtontoppen (1713 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Største busetnad Longyearbyen

Øya vart oppdaga av nederlendaren Willem Barents i 1596, og han gav øya namn. Namnet gav han fordi det var så mange høge, spisse fjell der. Namnet Spitsbergen vart tidlegare nytta om heile øygruppa Svalbard. Ho er om lag 450 km lang og mellom 40 og 225 km brei. Sidan Spitsbergen ligg langt innanfor polarsirkelen har ho midnattssol frå seint i april til seint i august. Frå rundt 26. oktober til rundt 15. februar er det mørketid.

Historie endre

Namnet på Spitsbergen vart gjeve av den nederlandske oppdagaren Willem Barents, som oppdaga øya då han leitte etter Nordaustpassasjen i 1596. Øygruppa kan derimot ha vore kjend for russiske pomorar på jakt så tidleg som på 1300- eller 1400-talet, men ein har ikkje funne spor etter dette folket frå før 1600-talet. Pomorane konkluderte med at dei hadde funne ein del av Grønland og kalla området Grumant (Грумант). Namnet Svalbard er fyrst nemnt i islendingesogene frå 900- og 1000-talet, men dei kan òg referere til Jan Mayen eller Grønland.

Spitsbergen er ein av tre busette øyar i øygruppa og med heimel i Svalbardtraktaten kan alle signaturstatar slå seg ned på øygruppa. For tida er det berre Noreg og Russland som nyttar seg av denne retten. Den største busetnaden på Spitsbergen er den norske Longyearbyen, medan den nest største er den russiske kolgruvebyen Barentsburg. Nederlendarane selde rettane til byen til det sovjetiske gruveselskapet Arktikugol i 1932. Andre busetnader på øya er dei tidlegare russiske gruvebyane Grumantbyen og Pyramiden (fråflytt i høvesvis 1961 og 1998), ein polsk forskingsstasjon ved Hornsund og den avsidesliggjande nordlege busetnaden Ny-Ålesund.

 
Geografi på Spitsbergen

På grunn av dyreliv og havstraumar slo tidlege kvalfangstekspedisjonar til Svalbard hovudsakleg seg ned på Vestspitsbergen og øyane utanfor kysten.

Kvadehuksletta, på Vest-Spitsbergen, er kjend for sine unike steinformasjonar, inkludert særs sirkelforma steinar og labyrintliknande mønster. Ein meiner desse formasjonane kjem av telehiv.

Edgeøya ligg søraust for Spitsbergen. Denne øya er ikkje busett og er den største delen av Søraust-Svalbard naturreservat og har isbjørn og reinsdyr.

Allierte soldatar var stasjonert på øya i 1941 for å hindre at Nazi-Tyskland skulle okkupere øyane. Øyane vart offisielt lagt til Noreg i 1920-åra, men landet kom inn under tysk okkupasjon i 1940. Dei fleste innbyggjarane på øya var russarar (Sovjetunionen hadde ein ikkje-åtaksavtale med Tyskland fram til 22. juni 1941). Storbritannia og Canada sendte militære styrkar til øya for å øydeleggje installasjonane og hindre tyskarane frå å okkupere ho.[2]

Frøkvelv endre

For meir om dette emnet, sjå Svalbard globale frøkvelv.

Den norske regjeringa bygde eit frøkveld for å lagre frø frå så mange planter i verda som råd. Kvelvet består av ein 120 meter lang tunnel på Spitsbergen med ein naturleg temperatur på -6 °C. Frøa ligg lagra i to åtskilde kveld i enden av tunnelen med ein temperatur på -18 °C.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Areal frå
    • Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica. 1986. 
    • Kunnskapsforlagets Store Norgesatlas. Kunskapforlagets. 1996. 
    Andre kjelder gjev andre tal.
  2. canadiansoldiers.com, arkivert frå originalen 29. september 2007, henta 4. april 2008 

Bakgrunnsstoff endre

 

Teksten til Svalbardtraktaten ved Wikisource (en).