Sporeplantar eller kryptogamar er eit samleomgrep for landplanter som formeirer seg ved hjelp av sporar, og blir brukt til å skilja landplantar frå frøplantar som nyttar frø. Til forskjell frå frøplantane utgjer ikkje sporeplantane ei naturleg gruppe, ettersom bregnene er nærare i slekt med frøplantar enn med mosane. Omgrepet er derfor lite nytta i botanikk i dag. Nyleg har nokre forfattarar brukt omgrepet berre for å visa til bregnar.

Bregnar (Polypodium virgnianum) og mosar dannar den polyfyletiske gruppa sporeplantar.

Sporeplantar oppstod i devontida for rundt 400 millionar år sidan, og viktige grupper av sporeplantar voks i grunne innsjøar og elvestrandmiljø. Fossilar av slike devonske sporeplantar finst melloma anna i devonfelta i nordre Andrée Land, heilt nord på Spitsbergen.

Den taksonomiske inndelinga Cryptogamia høyrde til i Linné si inndeling av planteriket i 24 klassar.[1] Ho omfatta då alle plantar med skjulte formeiringsorgan, og var inndelt i fire ordenar: Algae (algar), Musci (mosar), Filices (bregnar) og Fungi (sopp). Seinare er Fungi og ein del av Algae blitt skide ut frå planteriket.

Dei naturlege gruppene som høyrer inn under sporeplantane er:

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. P. S. Dixon (1973). Biology of the Rhodophyta. Oliver and Boyd, Edinburgh. ISBN 0-05-002485-X. 
  • Sporeplanter (21. oktober 2011), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 29. januar 2014.