Språktypologi er eit fagfelt innanfor lingvistikken som deler einskilde språk i grupper ifylgje strukturen deira. Han undersøkjer kva for typar av språk som finst og kva for universelle drag som dei har til felles. Typologien kan delast inn i ulike område som avheng av kva for eit språkleg aspekt vert framheva.

Morfologisk typologi endre

Denne typen av språktypologisk inndeling etter morfologisk struktur er knytt til August Wilhelm Schlegel og Wilhelm von Humboldt som tidleg i 1800-talet byrja å dele språk inn i dei syntetiske (som vert delte vidare i flekterande språk, agglutinerande språk og polysyntetiske språk, det vil seie språk der einskilde ord byter forma for å vise den grammatiske relasjonen deira til andre ord i setninga, og dei isolerande, der grammatiske forhold mellom ord vert viste ved hjelp av ordstilling og separate ord.

Ordstillingstypologi endre

Med utgangspunktet i Joseph Greenberg sine studiar om språkuniversalia, leidde sannkjenninga at ei gjeven ordstilling i ein slags grammatisk struktur ofte er fylgd av ei tilsvarande ordstilling i andre slags strukturar til inndeling av språk basert på grunnordstilling, det vil seie på korleis som dei tre hovudsaklege komponent i setninga er ordna: subjekt, predikat og objekt. I staden for omgrepet «predikat» plar ein å bruke omgrepet «verb» eller «verbal», sånn at språka kan kategoriserast som SVO-språk (subjekt-verb-objekt), SOV-språk (subjekt-objekt-verb), VSO-språk (verb-subjekt-objekt) og so vidare.

Dei skandinaviske språka passer likevel ikkje heilt inn i denne malen, då dei er sokalla V2-språk (frå engelsk verb-second language), kva som inneber at verbet kjem i andre posisjon i setninga, medan subjektet kjem i fyrste, om ikkje noko adverbial innleier setninga, i so fall vert subjektet flytta til etter verbet. Det er òg nokso problematisk å klassifisere på den måten språka som har rikare inventar av bøyingsformer og difor tillèt lausare ordstilling.

Morfosyntaktisk typologi endre

Innanfor den morfosyntaktiske typologien deler ein språk etter korleis ein morfologisk grupperer ulike syntaktiske funksjonar i setninga. Jamfør ergativ språk og akkusativ språk.

Fonologisk typologi endre

Ifylgje fonologiske kriterier kan språka delast inn i tonespråk, tonelagspråk og so vidare.

Kjelder endre