Spyrídon Loúis (12. januar 187326. mars 1940), òg kjend som Spýros Loúis, var ein gresk friidrettsutøvar.

Spyrídon Loúis


Alias Spýros Loúis
Statsborgarskap Kongedømet Hellas, Grekenland
Fødd 12. januar 1873
Maroúsi ved Aten i Hellas
Død

26. mars 1940
Maroúsi ved Aten i Hellas

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1896

Medaljeoversikt
Tevla for  Hellas
Friidrett
Gull Sommar-OL 1896 Maraton

Loúis vart fødd i byen Maroúsi, som no er ein forstad nord for Aten. Far hans selde mineralvatn i Aten, som den gong ikkje hadde noko sentral vassforsyning, og han fekk hjelp av Loúis til å transportere vatnet.

Sommar-OL 1896 endre

Etter det var vedteke at tradisjonen med olympiske leikar skulle takast opp att i 1896, starta førebuingane til dei fyrste moderne leikane i Aten. Maraton, som aldri hadde vorte arrangert tidlegare, var ei av øvingane. Forslaget om å ha med maraton kom frå franske Michel Bréal, som var inspirert av soga om sendebodet Fidippies, som hadde sprunge frå byen Marathónas til Aten for å fortelja om atenarane som hadde vunne i Slaget ved Marathónas.

Grekarane viste stor interesse for den nye øvinga, og det vart arrangert kvalifiseringslaup for dei greske utøvarane. Det olympiske maratonet vart arrangert 29. marsjul./ 10. april 1896greg.. Det greske publikummet viste stor interesse for leikane, men var skuffa over at ingen av friidrettøvingane var vunne av grekarar. At sigeren i diskos, ei klassisk gresk øving, hadde gått til amerikanske Robert Garrett, hadde vore spesielt smertefullt. Sidan maratonøvingane var så tett knytte opp mot den greske historia, ville det vore bra med eit gresk maratongull.

 
Spyrídon Loúis.

Oberst Papadiamantopoulos gav startsignalet i maraton, som bestod av tretten grekarar og fire frå andre nasjonar. Franske Albin Lermusiaux leia store delar av laupet. I byen Pikérmi stoppa Loúis på ei lokal kro for å drikke eit glas vin. Barnebarnet hans meiner dette er feil og at kjærasten til bestefaren gav han ein halv appelsin og at han «fekk eit glas konjakk frå sin framtidige svigerfar.»[1] Etterpå fann han ut at han ville ta att alle dei andre utøvarane før mål.

Etter 32 kilometer braut Lermusiaux laupet og australske Edwin Flack tok over leiinga, men kollapsa då det berre var tre kilometer att. Ein gresk tilskodar prøvde å hjelpe, men vart slått i bakken av Flack. Flack vart teke ut av laupet og Loúis tok over leiinga.

På stadionet var stemninga spent etter at ein syklist hadde informert om at ein australiar leia, men politiet var raskt ute med nyhenda då Loúis tok over leiinga. Då Loúis endeleg kom inn på stadionet vart han møtt av kronprins Konstantin av Hellas og kong Georg I av Hellas som følgde han på den siste runden. Loúis kom i mål på tida 2:58,50. Det vart ville feiringar på grunn av sigeren, som det står i den offisielle rapporten frå leikane:

«Den olympiske meisteren vart motteken med full ære, kongen gjekk frå sitt sete og gratulerte han på det varmaste med suksessen. Nokon av hjelparane til kongen og fleire medlemmar av komitéen gjekk så langt som å kysse og omfamne meisteren, som til slutt vart ført til eit rom utanfor stadionet. Det er ikkje lett å forklare stemninga inne på stadionet, men sjølv utlendingane var full av entusiasme».[treng kjelde]

Det vart ikkje utdelt gull-, sølv- og bronsemedaljar under sommar-OL 1896 i Aten. Vinnaren fekk ein sølvmedalje og andreplassen fekk ein bronsemedalje. Det var fyrst under sommar-OL 1904 det vart utdelt medaljar til dei tre beste, men Den internasjonale olympiske komité (IOK) har stadfesta at medaljefordelinga òg gjeld for dei olympiske leikane i 1896 og 1990.

Kongen ville gje Loúis ei gåve, og alt Loúis tenkte på var eit esel og ei vogn for å hjelpe faren i arbeidet som vasseljar.

Etter sigeren til Loúis gjekk to andre grekarar i mål på andre og tredjeplass. Bronsevinnaren Spyrídon Belókas vart seinare diskvalifisert av di han nytta hest og vogn under laupet og ungarske Gyula Kellner fekk bronse i staden for.

Loúis fekk mange gåver frå landsmenn etter sigeren, alt frå smykke til livslang gratis barbering hjå frisøren. Det er ukjend om han tok imot alle gåvene, sjølv om han køyrde heim i ei vogn frå kongen. Han trekte seg attende til heimbyen, der han levde eit roleg liv som bonde og seinare som lokal politimann, og deltok aldri meir i idrettstevlingar.

Etter OL endre

 
Spyrídon Loúis med kronprins Paul av Hellas i Berlin under sommar-OL 1936.

I 1926 vart Loúis arrestert for å ha forfalska militære dokument og vart fengsla. Etter å ha sona meir enn eitt år i fengsel vart han funnen ikkje skyldig, og vart sleppt fri.

Hans siste offisielle opptreden fann stad då han var invitert til å vere heidersgjest under sommar-OL 1936 i Berlin. Etter å ha bore standarden til den greske troppen under opningsseremonien, vart han motteke av Adolf Hitler og tilbaud han ei olivengrein frå Olymbia, fødestaden til dei olympiske leikane, som eit symbol på fred.

Loúis døydde fleire månader før den italienske invasjonen av Hellas. Mange idrettslag i Hellas og andre land nyttar framleis namnet hans. Det viktigaste er Olymbiakó Athlitikó Kéntro Athinón «Spýros Loúis» der sommar-OL 2004 vart arrangert samt vegen som passerer utanfor.

Jayne Mansfield-filmen It Happened in Athens er ein nærast fritt oppdikta film om Loúis og maratonet.

I 2012 vart eit nytt par med Vibram FiveFingers kalla Spyridon LS lansert til ære for Loúis.[2]

OL-medaljen endre

Medaljen han vann under Dei olympiske leikane i Aten vart seld på auksjon for 860 000 dollar i London 18. april 2012. Det er den dyraste olympiske suveniren nokon gong. Medaljen vart lagt ut for sal av barnebarnet til Loúis.

Det var seks bodgjevarar som kjempa om medaljen på auksjonen. Kjøparen planlegg å byggje eit stort kultursentrum i Aten, der den olympiske medaljen vil vere på utstilling frå. Medaljen vart seld på dagen 100 dagar før sommar-OL 2012 i London.[3]

Bibliografi endre

  • James P. Verinis, "Spiridon Loues, the Modern Foustanéla, and the Symbolic Power of Pallikariá at the 1896 Olympic Games", Journal of Modern Greek Studies 23:1 (May 2005), pp. 139–175. MUSE (by subscription) Arkivert 2006-03-03 ved Wayback Machine.

Kjelder endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre