Spytting er at ein støyter ut spytt frå munnen. Reint teknisk skjer dette når ein person har for mykje spytt i munnhola, eller når ein person har fått i seg noko han eller ho ikkje likar. Handlinga er rekna som ufin og teikn på dårleg folkeskikk.

I folketrua endre

Spytting vart med tida del av eit magisk rituale, der ein bruka spyttinga for å fordrive vonde makter.

I folketrua vart spytting òg knytt til ulike grader av trollformlar, gjerne til fordriving av sjukdom. I Den yngre Edda høyrer vi korleis æser og vanar saman spytta i ei gryte for å slutte fredspakt etter den store krigen mellom dei.

Ronald Grambo påpeiker at spytt ofte var nytta i sjukdomsterapi, og viser og til Evangeliet etter Markus, der Jesus nytta spytt for å heile ein stum mann. I Johannesevangeliet gjer Jesus det same med ein blind.

Plinius og Galenus omtalar og korleis spytt kan brukast som lækjemiddel. I antikken var det vanleg tru at spytt kunne hjelpe mot ormar og skorpionar, kongro eller padder.

Lyden ein lagar når ein spyttar, har gått over i språket som Tvi, med tida forvanska til Fy. Slik ser ein òg at rituell spytting er knytt til banning.

Kjelde endre

  • Ronald Grambo: Norske trollformler og magiske ritualer