Srebarna naturreservat (Природен резерват Сребърна, Priroden rezervat Srebarna) er eit naturreservat nordaust i Bulgaria (sørlege Dobrudsja), nær landsbyen med same namn, 18 km vest for Silistra og 2 km sør for Donau. Srebarna inneheld innsjøen med same namn og områda rundt, og ligg på Via Pontica, trekkfuglruta mellom Europa og Afrika.

Srebarna
reservat
Land  Bulgaria
Kart
Srebarna
44°06′40″N 27°04′20″E / 44.111116°N 27.072206°E / 44.111116; 27.072206
Wikimedia Commons: Srebarna Nature Reserve
Innsjøen Srebarna

Reservatet dekkjer 6 km² med verna område og ei buffersone på 5,4 km². Innsjøen er mellom 1 til 3 meter djup. Ein har oppretta eit museum her, med utstoppa dyr som er typisk for reservatet.

Historie endre

Srebarna har vore studert i lange tider av utanlandske biologar, men den første bulgarske forskaren som viste interesse for området var Aleksi Petrov, som vitja reservatet i 1911. I 1913 vart heile Søndre Dobrudja ein del av Romania, men vart ein del av Bulgaria igjen i 1940. Området vart då igjen vitja av av Petrov.

Området vart erklært eit naturreservat i 1948 og har vore ein Ramsar-stad sidan 1975. Reservatet vart ein del av UNESCO si verdsarvliste i 1983.

Legender endre

Det finst fleire legender om korleis namnet på innsjøen vart til. Den eine er om ein khan kalla Srebrist, som døydde i området medan han kjempa ein ujamn kamp mot petsjenegarar. Ei anna soge fortel om ein båt full av sølv (srebrobulgarsk) langs breidda av innsjøen. I følgje ei tredje soge så kjem namnet av den sølvaktige refleksjonen av lyset frå fullmånen i vatnet, noko som er den mest sannsynlege forklaringa.

Flora endre

Det finst vassplanter, som siv i og rundt innsjøen. Reservatet inneheld 67 planteartar, og nokre av dei er utryddingstrua utanfor Srebarna.

Fauna endre

Området har ein mangfaldig fauna. 39 pattedyr, 21 reptilar og padder og 10 fiskeartar lever i reservatet, i tillegg til 179 fugleartar, som reservatet er mest kjend for. Nokre av desse fugleartane er krøllpelikan, knoppsvane, grågås, and, sivhauk, blåhals, kjøttmeis, fiskehegre og skarv.

Anna endre

SrebarnabreenLivingston Island i dei antarktiske Sør-Shetlandsøyane er kalla opp etter sjøen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre