Srinivasa Ramanujan

indisk matematikar

Srinivasa Aiyangar Ramanujan (22. desember 188726. april 1920), på tamil ஸ்ரீனிவாஸ ஐயங்கார் ராமானுஜன், var ein sjølvlært, genierklært matematikar frå den noverande delstaten Tamil Nadu i India. Han arbeidde særleg med analytisk talteori.

Srinivasa Ramanujan

Fødd22. desember 1887
Erode
Død26. april 1920
Kumbakonam
NasjonalitetBritisk India
Områdekombinatorikk, talteori, matematikar
Yrkematematikar
InstitusjonarTrinity College i Cambridge
Chennai Port
Alma materTrinity College i Cambridge
Town Higher Secondary School
Government Arts College, Kumbakonam
Pachaiyappa's College
University of Cambridge
DoktorgradsrettleiarG.H. Hardy
John Edensor Littlewood
EktefelleJanakiammal
MedlemRoyal Society
Srinivasa Ramanujan

Livssoge endre

Ramanujan var fødd i Erode. Han utvikla svært kompliserte teorem, fleire som ingen andre indiske matematikarar kunne forstå. I 1913 sende han eit brev til G.H. Hardy ved Trinity College i Cambridge der han lista opp ei lang rekke slike teorem. Etter noko nøling inviterte Hardy Ramanujan til England. Indaren på si side måtte overtyda mora si om at reisa var viktig; ho var redd for at han ville mista kasta si om han forlet India.

I England gjorde Ramanujan stor suksess. Han blei ein Fellow ved Trinity og i Royal Society, det engelske kongelege selskapet, som var den høgaste æra innan naturvitskap i det britiske imperiet. Opphaldet verka derimot dårleg inn på helsa hans, kanskje grunna stress og dårleg tilgang på vegetarmat under den første verdskrigen. Ramanujan fekk diagnosen tuberkulose og sterk vitaminmangel, men nyare forsking tyder på at han kan ha hatt hepatitt.

Ramanujan drog tilbake til India, der han døydde i Kumbakonam i 1920. Han etterlet seg ei kone, Srinivasa Janaki Ammal, som budde utanfor Chennai fram til ho døydde i 1994. Dei to var blitt formelt gifte då ho var ni år gammal, ein nokså vanleg skikk i India på denne tida.

Ramanujan og tala endre

Matematikaren John Edensor Littlewood sa om Ramanujan at «kvart positive heiltal er ein av Ramanujans personlege vener». I ei kjend historie kunne indaren på ståande fot fortelja Hardy kvifor talet 1729 var så interessant.

Som matematisk arv etterlet Ramanujan seg fleire hundre ark med teorem på, utan prov. Han hadde truleg gjort sjølve utrekninga på ei steintavle for å spara dyrt papir. Fleire matematikarar har arbeidd for å prova teorema hans, mellom anna G. H. Hardy, G. N. Watson, B. M. Wilson og Bruce Berndt.

Ramanujan meinte sjølv at evnene hans kom frå Gudinna.