Stålis er blank, gjennomsiktig is med stor bereevne.

Is frå eit vatn i Sverige

Stålis vert danna når stille vatn frys. Prosessen skjer i fleire trinn: Fyrst vert det danna eit nettverk av horisintale akslar med isstavar ut frå kanten med underkjølt vatn mellom stavane. Sidan frys det underkjølte vatnet til tynne isplater. Isplatene er sett saman av krystallar med ulik krystallretning, og når prosessen er gunstig, fyller dei ut heile volumet. Krystallane kan vere 10 - 100 mm ved overflata, og så lange som isen er tjukk [1].

5-10-20-regelen endre

  • 5 cm stålis vil bere vekta av ein vaksen som går åleine og fer varsamt fram.
  • 10 cm stålis er trygg nok for leik og moro.
  • 20 cm stålis kan bere køyretøy med bruttovekt inntil 2 tonn.[2]
  • 50 cm stålis kan bere køyretøy på 12 tonn totalvekt og ei aksellast inntil 7 tonn,
  • 80 cm stålis kan bere køyretøy på opptil 25 tonn med ei aksellast inntil 10 tonn.

Islegging endre

I stille, klart vêr med temperatur -10° tar det om lag 3 døgn å danne eit 10 cm tjukt isdekke. Når reint vatn frys, vert det dannastålis, medan ei blanding av is og snø gjev sørpe-is. Stålis er sterkare enn sørpe-is, men mørk sørpe-is er nesten like sterk som stålis. Når snøen ikkje er vassmetta, får vi lys sørpe-is,og han er svakare dess lysare han er.[3]

Referansar endre

  1. SKI[daud lenkje]
  2. Forsand kommune[daud lenkje]
  3. Arbeidstilsynet, arkivert frå originalen 13. oktober 2007, henta 3. mars 2008