For fiskeværet Stø, sjå Stø i Vesterålen.

Ei stø er tillaga for å lette transporten av ein båt frå sjøen og til lands, evt òg vidare til naustet.

Stø med lunnar og vorar i Geiranger
Naust med båtstø, Hardanger

Støa er ein passasje for båten der dei store steinane er vekkrydda frå fjøra og samla på begge sider av støa i langsgåande vòrar. Dette for å lette om bord- og ilandstiging frå båten ved ulik vasstand. I støa kan det liggje festa tverrstokkar, lunnar, som skal gjere det lettare å drage båten. Lunnane har helst vore av osp, som er eit treslag som held seg godt i sjøvatn.

Kjelder endre

Godal, Jon B, «Stø, vorr, naust og bryggje», Normørsmusea, henta 20. mars 2023