Acipenser

fiskeslekt
(Omdirigert frå Størar)
Acipenser
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Strålefinnefiskar Actinopterygii
Orden: Acipenseriformes
Underorden: Acipenseroidei
Familie: Størfamilien Acipenseridae
Slekt: Acipenser
von Linné, 1758

Acipenser er ei slekt primitive beinfisk i størfamilien som lever i kaldt eller temperert vatn på den nordlege halvkula. Dei kan bli særs store, eksemplar frå 1 til over 5 meter er kjende. Artane er òg kjende for å kunne bli gamle. Dei kan halda til i ferskvatn og estuar i Eurasia og Nord-Amerika. Mange artar kan også vandra ut i havet nær kysten. Dei fleste artane i slekta er truga.[1]

I norske farvatn er det registrert ein art frå slekta, europeisk stør (Acipenser sturio). Etter at dei nordtyske bestandane vart utrydda har det likevel vore særs få funn.

Rogna til støren vert seld som kaviar og vert rekna som den beste.

Kjenneteikn endre

Størar er avlange fisk med kroppar som nesten er sylindriske. Ryggen er svakt bogeforma, og undersida er relativt flat. Dei manglar skjel, men har fleire rekkjer store beinplater langsetter ryggen. Munnen sit på undersida av hovudet og kan skytast fram som eit røyr. Framfor han har dei skjeggtrådar.

Halefinnen til størane er asymmetrisk og hai-liknande, og har ryggvirvlar i den øvste halvdelen. Skjelettet er elles òg bruskaktig, men me reknar dei til beinfiskane på grunn av beinplatene dei har i ryggen.

Levesett endre

Dei fleste størane er anadrome, men det finst òg ferskvasstasjonære former. Dei veks opp langt nede i store elvar, og brukar lang tid på å bli kjønnsmogne. Ungane et insektlarvar, muslingar, små krepsdyr og vassplantar i tre-fire år, før dei vandrar ut i salt- eller brakkvatn.

Mesteparten av vektauka til støren skjer her. Det er òg her dei vert kjønnsmogne, ofte etter så mykje som 4-11 år. Hannar vert fortare kjønnsmogne enn hoene. Dei lever av små botndyr dei syg ut av slam og sand med sugemunnen sin. I den siste tida før dei gyter fastar dei likevel; gyteindivid vert som regel funne utan mageinnhald.

Gytetida er oftast om våren, på 2-10 m djup i elvar med sterk straum og grusbotn. Egga festar seg fort til substratet, og det er ofte fleire millionar av dei. Det tek om lag ei veke før dei klekkjer, og larvane veks fort.

Nolevande artar endre

Det finst 17 nolevande artar:[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Froese, Rainer and Pauly, Daniel, red. (2019). Artar i Acipenser i FishBase. Versjonen frå mai 2019.

Bakgrunnsstoff endre