Støren er kommunesenteret i Midtre Gauldal kommune og har eigen barne- og ungdomsskule og vidaregåande skule. Dovrebanen og Rørosbanen møtest her, og lakseelva Gaula renn gjennom tettstaden. Europaveg 6 og Fylkesveg 30 møtest også her.

Støren
stad
Støren stasjon
Foto: Cato Edvardsen
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Midtre Gauldal
Areal 2,42 km²
Folketal 2 305  (2023)
Folketettleik 952 / km²
Postnummer 7290 STØREN
Preposisjon Støren
Kart
Støren
63°03′05″N 10°16′49″E / 63.051389°N 10.280278°E / 63.051389; 10.280278
Wikimedia Commons: Støren

Støren var fram til 1964 eigen kommune, men vart då ein del av Midtre Gauldal kommune etter å ha blitt slegen saman med Budal, Singsås og Soknedal kommunar. Gamle Støren kommune gjekk frå Hage bru i nord til Singsås i sør-aust, Budal i sør og Soknedal i sør-vest.

Støren kyrkje frå 1817.

Bakgrunnsstoff endre