St. Johann im Pongau

St. Johann im Pongau er ein by og ein kommune i landskapet Pongau i forbundslandet Salzburg i Austerrike. Kommunen har eit areal på 78,1 km² og i kring 10 800 ibuarar (2013). Byen ligg 575 meter over havet og er administrasjonssenter for distriktet St. Johann im Pongau. På den lokale pongauer-dialekta vert byen kalla Seiger Håns, Sénnig Håns eller Seini(g) Håns.

Bysentrum i St. Johann im Pongau

Byen ligg sentralt landskapet Pongau. Kommunen består av dei historiske småkommunane (Katastralgemeinde) Ginau, Hallmoos, Maschl, Einöden, Plankenau, Reinbach, Rettenstein, St. Johann og Urreiting.

St. Johann ligg i eit biletfint landskap, så økonomien er mykje basert på turisme; alpinrenning om vinteren og fotturar i sommarmånadene. Eit spektakulært juv, Liechtensteinklamm, ligg sør for byen. Juvet er om lag fire kilometer langt der det er bygt gangvegar, dei fyrste vart bygt i 1875.

Kjelder endre