St. Lucia-flaumen

St. Lucia-flaumen (nederlandsk Sint-Luciavloed) var ein massiv flaum som råka Nederland den 14. desember 1287 (dagen etter Luciadagen) då eit dike brast under ein storm. Flaumen tok livet av mellom 50 000 og 80 000 menneske og er den femte største flaumen som er registrert i historia. Store landområde vart permanent oversvømde, som Vadehavet og IJsselmeer. Flaumen råka særleg hardt i dei nordlege delane av Nederland, og særleg Friesland. Griend forsvann nesten heilt i bølgjene.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre