St. Victor-klosteret

St. Victor-klosteret i Paris var eit rikt og innverknadsrikt kloster som fanst frå 1100-talet og fram til den franske revolusjonen sist på 1700-talet. Klosteret danna sin eigen orden, St. Victor-ordenen, og fostra tankar som nådde langt ut i Vest- og Nord-Europa under høgmellomalderen.

St. Victor-klosteret i Paris i 1655.
Kart over klosteret frå 1572.

Soge endre

Klosteret blei grunnlagd i 1108 av teologen og filosofen Vilhelm av Champeaux, som blei kannik i eit fellesskap som følgde reglane til augustinarordenen. I tillegg følgde klosterbrørne dei detaljerte levereglane til benediktinarordenen. Klosteret utvikla seg etterkvart til ein viktig utbreiar av gregorianske ideal om reform av kyrkja, prestevirket og geistleg moral.

 
Hugo av Sankt Victor.

Religiøse og ikkje-religiøse slutta seg til klosteret eller gjekk på skule der, mellom anna Pierre Abélard. Vilhelm blei biskop av Châlons-sur-Marne i 1113, og Gilduin ny leiar av klosteret. Det voks seg rikt gjennom gåver frå kongelege, adelege og pavar, og fekk stor innverknad på andre kannik-samfunn i Europa, som St. Geneviève-klosteret i Paris, St. Augustin i Bristol, San Pietro ad Aram i Napoli og Æbelholt kloster i Nordsjælland. I testamentet til kong Ludvig VIII (1187–1226) nemner kongen 40 kloster som han skjenker ein større sum til. Skulen ved klosteret var saman med dei ved St. Geneviève-klosteret og Notre-Dame de Paris utgangspunktet for Universitetet i Paris, som oppstod rundt 1200.

Fleire viktige personar innan kyrkja var innom klosteret, som Hugo av Sankt Victor, italienske Petrus Lombardus, engelske Thomas Becket, norske Øystein Erlendsson og fleire andre.

Nedgang endre

 
Kart over klosteret og Halles aux Vins i 1734.

Den store geografiske spreiinga av kloster, dårleg samband mellom dei og liten interesse frå abbedane i Paris i dei andre klostera førte snart til at St. Victor-ordenen løyste seg opp. Pave Benedikt XII si reform av kannikordenar i 1339 gjorde ende på viktorinarordenen. I 1633 blei klosteret teke inn i den augustinske Congrégation de France.

På 1600-talet blei klosteret assosiert med jansenismen, ei erklært vranglære, og gjekk gjennom harde tider både dette hundreåret og det neste. Klosteret blei stengd i 1790 under den franske revolusjonen og bygningane seld som statseigedom. Dei blei rivne i 1811. I dag finn ein Jussieu-kampusen og parken Jardin des plantes de Paris på det tidlegare klosterområdet.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre