St Bees Head er eit nes på nordvestkysten av Cumbria i England og er kalla opp etter den nærliggande landsbyen St Bees.

North Head cliffs

Neset ligg langs Cumbria kyststi og kyst- til kyststien. Stiane går langs klippekanten og gjev eit flott utsyn over fjella og kysten i Cumbria.

Det nordlege neset er det vestlegaste punktet i Nord-England og her står St Bees fyr. Under den andre verdskrigen stod òg ein radarstasjon her og nokre av stasjonsbygningane står framleis ved fyret. Tåkelurbygningen ligg vest for fyret, men er ikkje lenger i bruk. Fyret er framleis i drift, men automatisert. Klippene ved neset vert mykje nytta til fjellklatring.

Det sørlege neset vert lokalt kalla Tomlin og er synleg frå St Bees Beach. Mellom dei to nesa ligg Fleswick Bay.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

 
St Bees South Head frå St Bees-stranda.

54°30′14″N 3°37′56″W / 54.50398°N 3.63229°W / 54.50398; -3.63229