Stabburselva

elv i Porsanger i Finnmark

Stabburselva (nordsamisk Rávttošjohka, finsk Rautusjoki) er ei elv i Finnmark fylke som renn gjennom Stabbursdalen nasjonalpark. Ho ligg 15 km nord for Lakselv i Porsanger kommune langs E6.

Stabburselva (Rávttošjohka) har utspringet sitt på Finnmarksvidda nord for den største innsjøen i Finnmark, Iešjávri. I øvre del er vassdraget sterkt forgreina og dannar fleire vatn. Aust for elva ligg det karrige fjellpartiet Gaissa. Frå Stabbursvatnet renn elva roleg nordover i ein open vid dal før ho om lag 20 km frå Porsangerfjorden skjer seg gjennom ein mektig canyon, Rávttošavži, med stupbratte veggar og store rasmarker. Nedanfor gjelet vert dalen vidare og dannar eit vidt terrasselandskap. Her dannar elva tre store loner, Lompola, før ho svinger seg vidare gjennom terrasselandskapet og munnar ut i eit deltaområde i Porsangerfjorden, nord for det store isranddeltaet Stabbursnes.

Berggrunnen består stort sett av sure, tungt forvitrelege bergartar. Stabbursdalen har mange spor etter isavsmeltinga ved slutten av siste istid. Store breelvar flauma då frå sør og vest og grov ut gjelet Rávttošavži og fleire gjel i sidedalane frå Gaissaområdet sør og aust for elva. Breelvane førte med seg store grusmassar som vart avsett føre brefronten i Porsangerfjorden. På dei gamle deltaflatene finn ein mange fossile elveløp og dødisgroper.

Stabburselva renn i gjennom den nordlegaste furuskogen i verda der ein kan finne tre som er opptil 500 år gamle.

Nedbørsfeltet har eit areal på 1112 km².

Vassdraget er verna i Verneplan I for vassdrag

Fiske endre

I Stabburselva kan ein fiske etter laks, sjøaure, sjørøye, gjedde og brunaure. Det finst òg lake i Lompola. Den seinare tida er det òg fanga nokre eksemplar av pukkellaks.

Stabburselva har status som nasjonalt laksevassdrag og er av dei ti viktigaste lakseelvane i Finnmark.

Bakgrunnsstoff endre