Eit stadion (av gresk στάδιον) er eit idrettsanlegg omgjeve av oppbygde og ofte overbygde tribunar for tilskodarar. I den greske antikken var stadion ein kappløpsbane forma som eit langstrekt rektangel, ofte omgjeve av tribunar i stein. Dette gav opphavet til det gamle greske lengdemålet stadion, som var lik 600 gamle greske fot (podes) eller kring 192 meter.

Det første olympiske stadionet bygd for leikane i Athen 1896
Wembley Stadium i London.

Det gamle stadionet i Olympia (Hellas) er eit døme på eit stadion som var «eit stadion langt» (192,3 m).

Det største stadionet i verda er Strahov Stadion i Praha i Tsjekkia. Det vart reist i 1934 og hadde 240 000 tilskodarplassar. Det største fotballstadionet i verda er Maracaña i Rio de Janeiro i Brasil, med ein tilskodarrekord på kring 200 000. Seinare er kapasiteten her avgrensa til kring 100 000 tilskodarar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Stadion