Stadium of Light er fotballbana til Sunderland AFC, og ligg nordaust i Sunderland i England.

Bana erstatta den legendariske Roker Park sommaren 1997. Ho vart bygd med publikumskapasitet på 42 000, som seinare er utvida til 49 000, og ho er konstruert for å kunne utvidast til ein samla kapasitet på 64 000. Bana ligg på Sheepfolds på nordsida av elva Wear, og ligg oppå ei gammal kolgruve.

Namnet på bana vart valt gjennom ein konkurranse, og speler på laserlysa som frå hjørnene på anlegget lyser opp nattehimmelen.

Stadionet fekk sin internasjonale debut i 1999 då det engelske fotball-landslaget møtte Belgia i ein vennskapskamp, og i obligatorisk kamp i april 2003 då England møtte Tyrkia i kvalifiseringskamp for Europameisterskapen i fotball i 2004.

Bakgrunnsstoff endre