Stairway to Heaven

Stairway to Heaven
Song av Led Zeppelin
frå albumet Led Zeppelin IV
Utgjeve 8. november 1971
Innspelt Desember 1970 – mars 1971
Sjanger Rock, folkrock, hardrock[1]
Lengd 8:02
Selskap Atlantic
Komponist Jimmy Page, Robert Plant
Tekstforfattar Jimmy Page, Robert Plant
Låtskrivar(ar) Jimmy Page, Robert Plant
Produsent Jimmy Page

«Stairway to Heaven» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå 1971. Han vart skriven av gitarist Jimmy Page og vokalist Robert Plant for det fjerde albumet til bandet. Songen, som er like over åtte minuttar lang, består av fleire delar, som aukar i tempo og volum etter kvart som songen skrid fram. Songen startar som ei langsam akustisk folkevise med blokkfløyter, før elektriske instrument kjem inn. Den siste delen er ein langt raskare hardrock-del med ein intrikat gitarsolo av Page.

Songen vert ofte omtalt som ein av dei største rockesongane gjennom tidene,[2][3][4] og vart stemnd på 3. plass av VH1 på lista deira over dei 100 største rockesongane.,[5] og på 31. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene. Det var den mest etterspurte songen på FM radio i USA i 1970-åra, trass i at han aldri vart gjeven ut på singel der.[6] I november 2007, gjennom nedlasting for Led Zeppelin sitt Mothership nådde han 37. plass på den britiske singellista.[7]

Skriving og innspeling endre

Innspelinga av «Stairway to Heaven» starta i desember 1970 i det nye studioet til Island Records, Basing Street Studios i London.[8] Songen vart gjort ferdig med ekstra tekst av Plant under innspelinga av Led Zeppelin IV i Headley Grange i Hampshire i 1971.[9] Page drog så attende til Island Studios for å spele inn gitarsoloen sin.[6]

Songen kom til i 1970 då Jimmy Page og Robert Plant kvilte ut i Bron-Yr-Aur, ei avsidesliggande hytte i Wales, etter den femte nordamerikanske turneen til Led Zeppelin. I følgje Page skreiv han musikken «over ein lang periode, den første delen kom til ein kveld i Bron-Yr-Aur».[10] Page hadde alltid ein bandopptaker med seg og ideen for «Stairway» kom til etter bitar frå lydbandet:[11]

Eg hadde desse stykka, desse gitarstykka, som eg ønskte å sette saman. Eg hadde ein heil ide om eit musikkstykke som eg verkeleg ønskte å prøve å presentere for alle og avfinne seg me. Ganske vanskeleg faktisk, fordi eg starta på ein akustisk, men som du veit så går han over til elektriske parti. Me me gjekk gjennom songen i Headley Grange der eg spelte akustisk gitar og sprang opp, og tok på meg den elektriske gitaren. Robert sat i eit hjørne, eller lente seg mot veggen, og eg gjekk gjennom songen med resten av bandet med denne ideen og dette stykket, han berre skreiv. Brått reiste han seg og byrja å synge, under ein annan gjennomgang, og han må ha hatt 80 % av teksten der ... eg hadde desse delane, og eg visste kva rekkefølgje dei skulle gå i, men det var berre å få alle komfortable med kvart girskifte som var på veg.[12]

Led Zeppelin-bassist John Paul Jones minnest presentasjonen av songen etter Bron-Yr-Aur:

Page og Plant kom tilbake frå dei walisiske fjella med gitarintroen og verset. Eg høyrde han bokstavleg talt føre ein peis på ein herregard på landet! Eg fann ei bass-blokkfløyte og spelte ei strofe som gav oss introen, så flytta eg til pianoet for den neste delen, og dubba gitaren.[13]

I eit intervju i 1977 utdjupa Page:

Eg har originalbandet som gjekk då me spela heile «Stairway To Heaven» med bandet. Eg hadde gjort han ferdig kvelden før med John Paul Jones, skrive ned alle endringane og slikt. På denne tida budde me i eit hus og spelte fast i lag, så dagen etter starta med å gå gjennom songen. Det var berre ein stad me måtte gå gjennom på nytt. Av ein eller annan grunn klarte ikkje Bonzo å få timinga rett på 12-strengs-partiet før soloen. Anna enn det gjekk det veldig raskt.[8]

Dei første forsøka med tekst, skriven av vokalist Robert Plant, ved peisen i Headley Grange, vart delvis spontant improvisert og Page hevda «ein stor del av teksten vart skriven der og då».[11] Jimmy Page klimpra akkordane og Robert Plant hadde penn og papir. Plant sa seinare at brått,

«skreiv handa mi ned orda, 'There's a lady is sure [sic], all that glitters is gold, and she's buying a stairway to heaven'. Eg berre sat der og såg ned på dei og hoppa nesten opp frå stolen.»[14]

Teksten syner kva Plant las på denne tida. Songaren hadde gått gjennom verka til den britiske antikvariateten Lewis Spence, og siterte seinare Spence sin Magic Arts in Celtic Britain som ein av kjeldene til teksten i songen.[9]

Page meinte at songen «sette opp farten som ein straum av adrenalin».[15] Han forklarte:

I studiodagane for meg me og John Paul Jones, så var den eine tingen du ikkje gjorde å sette opp farten, fordi om du sette opp farten så vart du aldri sett igjen. Alt måtte vere på slaget heile vegen gjennom. Og eg ønskte verkeleg å skrive noko som sette opp farten, og tok kjensla og adrenalinet med dette, som eit slags crescendo. Og det var ideen bak det. Det var derfor det var vanskeleg å få partia saman.[12]

Den komplette studioninnspelinga vart gjeven ut på Led Zeppelin IV i november 1971. Plateselskapet til bandet, Atlantic Records, ønskte å gje songen ut på singel, men manageren Peter Grant nekta dei dette både i 1972 og 1973. Fordelen var at platekjøparane i staden kjøpte heile albumet som om det var ein singel.[6]

Komposisjon endre

Songen består av fleire delar. Han byrjar med ein roleg introduksjon med ein fingerplukka 6-strengsgitar og fire blokkfløyte i renessansestil[16] (endar ved 2:15). Dette glir gradvis over i ein elektrisk midtre del (2:16-5:33), så ein lang gitarsolo (5:34-6:44), før ein raskare hardrock del (6:45 til slutten).

Seksjonane vert bygde opp med fleire og fleire gitarar, som alle supplerer introen. Trommene kjem inn ved 4:18. Under mellomspelet før gitarsoloen startar, endrar taktarten mellom 4/4 og fleire andre taktartar: 3/4, 5/4 og til slutt 7/8. Den lange gitarsoloen til Jimm Page vart spelt på ein 1959 Fender Telecaster (eit instrument han nytta mykje i the Yardbirds).[14]

Lydteknikar Andy Johns minnest innspelinga av den kjende soloen til Page:

Eg hugsar Jimmy hadde litt problem med soloen på «Stairway to Heaven»... Han hadde ikkje heilt funne ut av det. I dag brukar du stundom ein heil dag på ein ting. Den gongen gjorde me ikkje det. Me brukte ikkje lang tid på å spele inn noko som helst. Eg hugsar eg sat i kontrollrommet med Jimmy, han står der ved sidan av meg og han hadde gjort fleire forsøk men kom ikkje vidare. Eg såg at han byrja bli paranoid, så eg byrja å bli paranoid. Eg snudde meg og sa 'Du gjer meg paranoid!' Og han sa, 'nei du gjer meg paranoid!' Det var ein latterleg sirkel. Så bang! På det neste opptaket eller to så smelte han til.[17]

I følgje Page, «Stairway to Heaven»

...krystalliserte essensen i bandet. Han hadde alt der og viste bandet på sitt beste... som eit band, som ei eining. Utanom å snakke om soloar og slit, han hadde alt der. Me var forsiktige og ønskte ikkje å gje han ut som singel. Det var ein milepåle for oss. Alle musikarar ønskjer å lage noko som varer, noko som står att etter lang tid, og eg trur me gjorde det med «Stairway».[18] [Pete] Townshend tenkte truleg at han hadde klart det med Tommy. Eg veit ikkje om klarar å komme opp med noko meir. Eg må jobbe verkeleg hardt om eg skal klare å komme nær det stadiet av konsistent, total briljans.[19]

Medverkande endre

Taurus endre

I løpet av åra har mange langt merke til at introduksjonen i songen, gitaren, liknar ein instrumental frå 1968 kalla «Taurus» var bandet Spirit.[10][20] Zeppelin opna for Spirit på ein av dei tidlege amerikanske turneane deira, så det er liten tvil om at Led Zeppelin hadde høyrt Spirit-songen før «Stairway to Heaven» vart skriven.

Konsertutgåver endre

Den første framføringa av songen fann stad i Ulster Hall i Belfast den 5. mars 1971.[14] Bassist John Paul Jones hugsar at det var liten respons frå publikum. «Dei keia seg medan dei venta på noko dei kunne frå før».[15] Page hugsa derimot ei tidleg framføring på LA Forum, før plata kom ut:[21]

Eg seier ikkje at alle gav oss ståande applaus - men det var mange som reiste seg. Og eg tenkte, 'det er utruleg fordi ingen har høyrt denne songen før. Dette er første gong dei høyrer han!' Han rørte tydelegvis ved dei, så eg visste det var noko med han.[22]

Songen vart framført på nesten alle Led Zeppelin-konsertane sidan, og vart berre utelaten på kortare konsertar eller av tekniske årsaker. Den siste gong bandet spela songen var i Berlin den 7. juli 1980, som vart den siste konserten deira på 27 år. Det var òg den lengste versjonen med ei lengd på nesten 15 minuttar.

 
Jimmy Page nytta ein dobbelhalsa gitar for å spele «Stairway to Heaven» live.

Bandet brukte ofte å trekke ut songen til over ti minuttar på konsertane, med ein lengre gitarsolo av Page. Page nytta ein dobbelhalsa gitar, slik at han ikkje trengde å byte gitar undervegs i songen. Songen frå 1975 ofte spela som finalen på konserten.

Songen vart igjen framført av dei overlevande Led Zeppelin-medlemmane på Live Aid i 1985;[14]Atlantic Records 40th Anniversary-konserten i 1988, med Jason Bonham på trommer;[23] og av Jimmy Page som ein instrumental på soloturnean hans.

Page and Plant-turneane spela dei introen av songen i dei siste tonane av «Babe I'm Gonna Leave You», og i november 1994 spela Page and Plant ein akustisk versjon av songen i Tokyo for japansk fjernsyn. «Stairway to Heaven» vart òg spela på konserten for Ahmet Ertegün i O2 Arena i London den 10. desember 2007.

Konsertopptak av songen er bevart i filmen The Song Remains the Same, frå Madison Square Garden i 1973, og Led Zeppelin DVD, frå Earls Court Arena i 1975. Lydopptak finst på The Song Remains the Same, Led Zeppelin BBC Sessions (frå Paris Theatre i London i 1971) og på How the West Was Won (frå Long Beach Arena i 1972). Det finst òg hundrevis av opptak på uoffisielle piratkopiplater.

Ettermæle endre

«Stairway to Heaven» vert ofte rekna som ein av dei største rockesongane gjennom tidene.[2][3][4] I følgje musikkjournalist Stephen Davis, sjølv om songen vart gjeven ut i 1971, så va det først i 1973 at songen fekk ein «hymneaktig».[24] Som Page sa, «eg visste at han var bra, men eg visste ikkje at han nesten skulle bli som ein hymne...men eg visste at det var juvelen på albumet, det er sikkert.»[25]

«Stairway to Heaven» toppar framleis radiolistense som den største rockesongen, samt lesarkåringa i Guitar World frå 2006 over verdas beste gitarsoloar.[26] 20 år etter songen kom ut vart det annonsert at amerikansk radio hadde spela songen kring 2 874 000 gonger.[6] I 2000 hadde songen vorte spelt over tre millionar gonger på radio.[27] Det er òg det mest seljande notearket for ein enkelt song i rockehistoria, og har eit sal på i snitt 15 000 årleg.[14] Totalt er det seld over ein million eksemplar av notane.[27]

«Stairway to Heaven» er ein av dei mest kjende og populære rockesongane som aldri vart gjeven ut på singel.

På 20-årsjubileumet for songen hadde Esquire ein artikkel om suksessen og den langvarige effekten til songen. Karen Karbo skreiv:[28]

Det er tvilsamt at nokon visste at det skule bli den mest populære rockesongen gjennom tidene. Trass alt er han åtte minuttar lang og vart aldri gjeven ut som singel. Sjølv «Hey Jude» var kortare, vart gjeven ut på singel og hadde ein forståeleg tekst og eit allsangrefreng. Men «Hey Jude» er ikkje den mest etterspurte songen gjennom tidene på FM-stasjonar. Ingen har aldri hatt ballfestar med «Hey Jude» som tema eller spela songen ved bryllaup- eller gravferdsseremoniar som «Stairway». «Stairway» kunne ikkje blitt ein suksess i dag. I 1971 prøvde FM-DJane å grave seg ned i albuma for å finne ein raring, ein kultaktig favoritt. Med den lange lengda, alle endringane, woo-woo-teksten, det delvis mellomalderske temaet var han eit perfekt val. Han er framleis ein favoritt hos dei som er yngre enn songen sjølv.

I 2004 rangerte Rolling Stone songen på 31. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene. Ein artikkel frå 2009 i Guitar World kårar gitarsoloen til Jimmy Page som den beste gitarsoloen gjennom tidene.[29]

Erik Davis, ein samfunnshistorikar og kulturkritikar, kommenterte den massive suksessen, det påfølgjande tilbakeslaget og den varige legendestatusen til songen:[30]

«Stairway to Heaven» er ikkje den største rockesongen frå 1970-åra. Det er den største assosiasjonen frå 1970-åra. Tenkt på det: me er alle leie av saka, men han er likevel framleis nummer ein. Alle kan han... sjølv motviljen og hånet av songen er ritualistisk. Dumme parodiar; Waynes World-inspirert segner om gitarbutikkar som krev at kundane ikkje spelar han; sjølv Robert Plant si offentlege miskjenning av songen- alt dette beviser berre ein ting. «Stairway to Heaven» er framleis nummer ein. Det er den eine, kjernen, det næraste AOR nokon gong vil få deg til det absolutte.

Andre versjonar endre

Songen har vorte spela av mange andre artistar. Rolf Harris si tolking med didgeridoo og «wobble board» nådde 7. plass på den britiske singellista i 1993.

Dolly Parton gav ut ein enkel akustisk versjon av songen i 2002. Plant tala varmt om versjonen til Parton.[31]

I 1977 spela Little Roger and the Goosebumps inn ein parodi av songen med teksten frå kjenningsmelodien frå fjernsynsserien Gilligan's Island. Innan fem veker truga advokatane til Led Zeppelin med søksmål og kravde at dei gjenverande platene måtte øydeleggast. I eit intervju i 2005 sa derimot Plant at dette var favorittversjonen hans av songen spelt av andre artistar.[32]

Ein versjon av Far Corporation frå 1985 nådde 8. plass på den britiske singellista.[33]

Frank Zappa lagde eit arrangement av songen for turneen sin i 1988. Dette kan høyrast på The Best Band You Never Heard In Your Life.

I 2010 gav Mary J. Blige ut ein versjon av songen på albumet Stronger with Each Tear.

Påstandar om baklengsmelding endre

I januar 1982 kom det påstandar om at det var skjulte meldingar i fleire populære songar. Eit av døma var ei slik melding i «Stairway to Heaven».[34] Den påståtte meldinga, som skjer midtvegs i songen («If there's a bustle in your hedgerow, don't be alarmed now...») spela baklengs. Dette skulle visstnok inneheld sataniske referansar.[35]

Bandet sjølv har stort sett ignorert slike påstandar og som svar på påstandane gav Swan Song Records ut ei melding som sa: «Platespelarane våre går berre ein veg, framover».

Lovord endre

Publikasjon Land Lovord År Rangering
Rock and Roll Hall of Fame USA The Rock and Roll Hall of Fame's 500 Songs that Shaped Rock and Roll 1994 *
Classic Rock Storbritannia Ten of the Best Songs Ever![36] 1999 1
VH1 USA The 100 Greatest Rock Songs of All Time[37] 2000 3
RIAA USA Songs of the Century[38] 2001 53
Grammy Awards USA Grammy Hall of Fame Award[39] 2003 *
Rolling Stone USA The 500 Greatest Songs of All Time 2003 31
Q Storbritannia 100 Songs That Changed the World[40] 2003 47
Toby Creswell Australia 1001 Songs: the Great Songs of All Time[41] 2005 *
Q Storbritannia 100 Greatest Songs of All Time[42] 2006 8
Rolling Stone USA 100 Greatest Guitar Songs of All Time[43] 2008 8
Triple J Australia Hottest 100 of All Time 2009 10
Guitar World USA 100 Greatest Guitar Solos[44] 2006 1

(*) uordna liste.

Kjelder endre

  1. Alfred W. Cramer (2009), Musicians and Composers of the 20th Century - Volume 4, Salem Press, ISBN 1-5876-5516-0, s. 1116.
  2. 2,0 2,1 Shmoop (2010), Stairway to Heaven: Shmoop Music Guide, Shmoop University, Inc., ISBN 1-6106-2069-0, s.4
  3. 3,0 3,1 Sep 2002 Issue. SPIN. SPIN Media LLC.
  4. 4,0 4,1 «Led Zeppelin's 'Stairway To Heaven' Voted The Greatest Rock Song». Gigwise.com. Henta 25. mars 2011. 
  5. «VH1 100 Greatest Rock Songs 1-50». rockonnet.com. Henta 25. mars 2011. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
  7. UK Music Charts | The Official UK Top 75 Singles: Week of Mon 24 Mar - Yahoo! Music UK, arkivert frå originalen 11. august 2012, henta 25. mars 2011 
  8. 8,0 8,1 Dave Schulps, Interview with Jimmy Page Arkivert 2011-08-20 ved Wayback Machine., Trouser Press, October 1977.
  9. 9,0 9,1 Davis, Stephen (4 July 1985). «Power, Mystery And The Hammer Of The Gods: The Rise and Fall of Led Zeppelin». Rolling Stone (451). Arkivert frå originalen 28. januar 2008. Henta 25. mars 2011. 
  10. 10,0 10,1 Sutcliffe, Phil (April 2000). "Bustle in the Hedgerow". MOJO, s.62
  11. 11,0 11,1 Tolinski, Brad and di Benedetto, Greg (January 1998). "Light and Shade: A Historic Look at the Entire Led Zeppelin Catalogue Through the Eyes of Gitarist/Producer/Mastermind Jimmy Page". Guitar World, s. 100-104.
  12. 12,0 12,1 National Public Radio, Guitar Legend Jimmy Page, 2. juni 2003.
  13. Chris Welch (1994) Led Zeppelin, London: Orion Books. ISBN 0-85797-930-3, s. 60-61.
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 14,4 Llewellyn, Sian (December, 1998). "Stairway to Heaven". Total Guitar, s.61-62
  15. 15,0 15,1 «Sold on Song, Stairway to Heaven». BBC radio 2. Henta 25. mars 2011. 
  16. Rolling Stone. «Stairway to Heaven». Arkivert frå originalen 22. april 2009. Henta 25. mars 2011. 
  17. "Their Time is Gonna Come", Classic Rock Magazine, December 2007
  18. "100 Greatest Guitar Solos", Guitar World Magazine, 14. oktober 2008
  19. «Cameron Crowe interview Led Zeppelin». 18. mars 1975. Arkivert frå originalen 24. oktober 2007. Henta 25. mars 2011. 
  20. Guitar World Magazine, April 1997: "California's most enduring legacy may well be the fingerpicked akustisk theme of the song "Taurus," which Jimmy Page lifted virtually note for note for the introduction to "Stairway to Heaven."
  21. Tolinski, Bradllyn with Di Benedetto, Greg, (January, 1998). "Light & Shade". Gitar World, s.98
  22. Songfacts: Stairway to Heaven
  23. Welch, Chris (2002). Peter Grant: The Man Who Led Zeppelin. Omnibus Press. s. 231. ISBN 0711991952. 
  24. Stephen Davis, The Hammer of the Gods, William Morrow and Company Inc., New York, 1985, s. 150.
  25. A to Zeppelin: The Story of Led Zeppelin, Passport Video, 2004.
  26. «Stairway to Heaven: Is This the Greatest Song of All Time?». Henta 25. mars 2011. 
  27. 27,0 27,1 Australian Broadcasting Corporation - Triple J Music Specials - Led Zeppelin (first broadcast 2000-07-12)
  28. "Stairway To Heaven: Is This the Greatest Song of All Time?" By Karen Karbo, Esquire magazine November Issue, 1991.
  29. Guitar World
  30. Barker, David. 33 1/3 greatest hits, Volume 1. s. 201. Continuum International Publishing Group, 2007 ISBN 0826419038, 9780826419033
  31. Robert Plant on Yahoo! Music, arkivert frå originalen 25. april 2005, henta 25. mars 2011 
  32. [1]
  33. Rice, Tim; Paul Gambaccini; Jo Rice (1995). Guinness British Hit Singles (10. utg.). s. 115. ISBN 0851426332 Check |isbn= value: checksum (hjelp). 
  34. Denisoff, R. Serge. Inside MTV (1988): 289-290
  35. Arar, Yardena. (AP) "Does Satan Lurk in the Backward Playing of Records?" St. Petersburg Independent May 24, 1982: 3A
  36. «Ten of the Best Songs Ever! - September 1999». Classic Rock. Henta 25. mars 2011. 
  37. «The 100 Greatest Rock Songs of All Time - July 2000». VH1. Arkivert frå originalen 12. april 2012. Henta 25. mars 2011. 
  38. «Songs of the Century». Recording Industry Association of America. 7. mars 2001. Arkivert frå originalen 11. desember 2005. Henta 25. mars 2011. 
  39. «The Grammy Hall of Fame Award». National Academy of Recording Arts and Sciences. Henta 25. mars 2011. 
  40. «100 Greatest Songs of All Time - January 2003». Q. Henta 25. mars 2011. 
  41. Creswell, Toby (2005). «Stairway to Heaven». 1001 Songs: the Great Songs of All Time (1st utg.). Prahran: Hardie Grant Books. s. 516. ISBN 9781740664585. 
  42. greatest songs «100 Greatest Songs of All Time - October 2006» Check |url= value (hjelp). Q. Henta 25. mars 2011. 
  43. «100 Greatest Gitar Songs of All Time - June 2008». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 25. juni 2008. Henta 25. mars 2011. 
  44. «100 Greatest Guitar Solos - October 2006». Gitar World. Henta 25. mars 2011. 

Bakgrunnsstoff endre