Novokuznetsk

(Omdirigert frå Stalinsk)

Novokuznetsk (russisk Новокузне́цк) er ein by i Kemerovo oblast i Russland med om lag 560 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 3000 km aust for Moskva.

Novokuznetsk
Новокузне́цк
Kyrkje i Novokuznetsk
Kyrkje i Novokuznetsk
Kyrkje i Novokuznetsk
Byåpenet til Novokuznetsk
Byvåpenet til Novokuznetsk


Plassering
Novokuznetsk is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Kemerovo oblast
Grunnlagd
Bystatus
1618
1929
Borgarmeister Sergej Martin
Geografi
Flatevidd
 - By

424 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

560 900
  1 322,9 /km²
Koordinatar 53°45′N 87°7′E / 53.750°N 87.117°E / 53.750; 87.117
Høgd over havet 200 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
KRAT (UTC+7)
KRAST (UTC+8)
Diverse annan informasjon
Postnummer 6540xx
Retningsnummer (tlf) (+7)3843
Bilnummer 42
Nettstad: www.admnkz.ru/

Han vart grunnlagd av kosakkar som ein utpost ved elva Tom og vart opphavleg kalla Kuznetsk (russisk Кузне́цк). Det var her Fjodor Dostojevskij gifta seg første gong med Maria Isajeva i 1857. Josef Stalin si raske industrialisering av Sovjetunionen forvandla den døsige byen til eit stort senter for kolgruvedrift i 1930-åra. I 1931–1932 vart namnet på byen endra til Novokuznetsk og i 1932–1961 hadde han namnet Stalinsk (russisk Ста́линск) etter Stalin.

19. mars 2007 oppstod ein massiv metaneksplosjon i Uljanovskaja-gruva ved Novokuznetsk, og over 100 arbeidarar mista livet. Gruva var det største kolgruva i Kemorovo oblast, og ligg i eit oljerikt område sør i sentrale område av Russland kjend som Kuzbass.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre