Stamvegar er hovudvegar innanfor eit distrikt eller mellom distrikt. Dei er skilta med kvite tal på grøn bakgrunn. Alle europaveger er stamvegar, og i tillegg er fleire riksvegar heilt eller delvis klassifiserte som dette av samferdselsdepartementet etter godkjenning i Stortinget.

Stamvegar har generelt høgare vegstandard enn andre riksvegar, sjølv om dei kan ha mindre trafikk. Den minste vegbreidden på ein stamveg utanfor tettbygd strøk er ifølge vegnormalen [1] Arkivert 2006-02-28 ved Wayback Machine. 8,5 meter. Stamvegar har eigne budsjettmiddel, og vegforkjemparar ønskjer derfor gjerne at «deira» veg skal bli klassifisert som stamveg slik at han kan få betre finansiering og standard.

Kriterium for stamvegar endre

For å bli kalla stamveg må vegen passa til minst eitt av desse punkta:

  1. Europaveg.
  2. Hovedtransportrute til og frå utlandet, fortrinnsvis tilknytt eit stamvegnett i nabolandet.
  3. Gjennomgåande rute med stor tyding for transport mellom landsdelar.

Historikk endre

Stamvegnettet har utvikla seg gradvis frå 1984. Seinare er nettet blitt utvida fleire gonger, mellom anna ved at alle europavegane blei tekne opp som som stamvegar.