Standart er ei militær fane eller eit banner som vert brukt som feltteikn i krig. Omgrepet «standart» vert særleg brukt om kvadratiske rytterfaner som vert borne av kavaleriet.

Standarten for det franske 9e régiment de chasseurs parachutistes (Niande fallskjermsjegar-regimentet).
Feltteikenet eller standarten for den tyske militæreininga Leibstandarte-SS Adolf Hitler var typisk for den nazistiske militære estetikken og -propagandaen før og under andre verdskrigen og har trekk av dei antikke, romerske legionenes faner med ørn og gull.


I antikken og mellomalderen var standart eit banner som vart heist som et feltteikn framfor feltherren. Standart var også det opphavelege namnet på riksbanneret til den tyske keisaren. I Hitler-Tyskland var dekorative standartar saman med uniformer og flagg viktige deler av den visuelle, militære propagandaen. Da vart ordet Standarte ofte brukt synonymt med regiment.

Etymologi endre

Ordet standart kjem via fransk étendard og tysk Standarte ifrå det latinske extendere, det vil seie «breie ut». Ordet har i overført tyding fått forma standard, det vil seie «det som fører an og viser vegen», altså ein rettleiande norm eller definisjon, for eksempel for varer eller mål.

Bakgrunnsstoff endre