Staritsa

by i Russland

Staritsa (russisk Старица) er ein by i Tver oblast i Russland med om lag 9000 innbyggjarar. Byen ligg ved Volga, 70 km sørvest for Tver.

Staritsa
Старица
Horisonten til
Horisonten til
Byåpenet til
Byvåpenet til


Plassering
Staritsa is located in Russland
Staritsa is located in Tver oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Tver oblast
Grunnlagd
Bystatus
1297
1775
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

9 167
Koordinatar 56°31′00″N 34°56′00″E / 56.51667°N 34.93333°E / 56.51667; 34.93333
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 171360
Retningsnummer (tlf) 48263

Byen er delt i to delar av elva: den venstre (vestlege) og største, kalla bydelen, og den høgre (austlege) Moskva-delen.

Historie endre

 
Staritsa i 1912 (Sergej Prokudin-Gorskij)

Byen vart grunnlagd i 1297 som Gorodok (russisk: Городо́к - litleby). I 1365 vart byen flytta frå den høge høgrebreidda til den lågare venstresida av Volga, og fekk då namnet Novyj Gorodok (russisk: Но́вый Городо́к - Nye litleby).

Frå 1400-talet har byen heitt Staritsa, som er russisk for «gammalt elveleie». Namnet vart derimot feiltolka av heraldistane som laga byvåpenet til Staritsa, der dei plasserte eit bilete av ei gammal nonne, som er ei anna tyding av ordet «staritsa». I 1485 vart byen underlagt Storfyrstedømet Moskva saman med resten av Fyrstedømet Tver.

På 1400-talet vart fyrstedømet styrt av son til Ivan III, Andrej, og så av den andre sonen til Andrej, Vladimir. Trass i at Ivan den grufulle hadde born, så vart Vladimir av bojarane sett som den einaste arvingen hans. Då tsaren mistenkte fyrsten i Staritsa for å stå bak eit komplott mot han, vart Vladimir og borna hans tvinga til å ta gift.

I 1775 vart Staritsa senter for ein ujezd. Frå oktober 1941 til januar 1942 var byen okkupert av tyske styrkar.

Økonomi og næringsliv endre

Hovudnæringane i Staritsa består av tekstilfabrikkar, mekanisk industri og jordbruksretta industri.

Attraksjonar endre

 
Maria Himmelfart-klosteret

På austsida av elva kan ein sjå tydelege spor etter ein tidlegare busetnad, med store vollar og haugar.

På venstrebreidda av elva står Maria Himmelfart-kloster, med ein kalksteinskatedral frå 1530 og ein spisesal frå 1570, samt fleire kyrkjer frå 1700- og 1800-talet.

Byen sin Boris og Gleb-katedral er ein nyklassisk bygning oppført mellom 1805 og 1820. Den erstatta ein av mirakla i gammal russisk arkitektur, ein mangespira katedral bygt på 1560-talet av dei same meistrane som arbeidde på Vasilijkatedralen i Moskva. Det vert sagt at katedralane i Moskva og Staritsa var to systrer, akkurat som fyrstane i dei to byene, Ivan og Vladimir, var to brør.

Holer endre

Dei mange gamle kalksteinsbygningane i byen er oppført av stein frå dei mange (no nedlagde) kalksteinsbrota i området. Kalksteinsbrota, som er frå 1700- og 1800-talet, er kjende hos russiske speleologar. Brota vart laga av dei lokale innbyggjarar, utan noko overordna plan, så dei kan vere veldig kronglete og kan nyttast som ein mindre modell for horisontale hole-labyringar. Dei største brota har gangar med ei samla lengd på 3-4 km. Gangane er reine og tørre, noko som er uvanleg for Moskva-regionen.

Frivillige prøver for tida å overtale den lokale administrasjon til å sjå på holene som ei lokal arv, og å organisere bruken av dei. Med dagens ustrukturerte bruk blir brota gradvis øydelagde på grunn av uforsiktige vitjande.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre