Starkad den gamle

Starkad, kalla den gamle, er ein sentral helt i nordeuropeisk fornalderlitteratur, som er nemnt i mange kjelder, frå Heimskringla til Béowulf. Tilnamnet fekk han av di han levde uvanleg lenge. Han er elles kjend under namna Sterkodr eller Starcethius.

Starkad Åludreng endre

Den første Starkad er rekna som farfar til den "klassiske" Starkad. Han budde ved Ålufoss/Áluforsar (tilsvarande Ulefoss), og var av jotunætt. Difor hadde han åtte armar, fire på kvar side, og kunne kjempe med fire sverd på ein gong. Denne Starkad var fest til møya Ogn Alfasprengi. Men ein gong Starkad var på hærtog nord over Elivågar, vart ho røva av Hergrim Halvtroll. Desse to fekk sonen Grim, far til Arngrim på Bolm, stamfar til Angantyr. Starkad kom att og utmana Hergrim til holmgang, og drap han. Ogn tok då livet sitt. Seinare røva Starkad Alvhild, dotter av kong Alv frå Alfheimr (eigna aust for Glomma), og desse fekk så dottera Baugheid som vart gift med Grim Hergrimsson (og vart mor til Arngrim på Bolm). Alv kalla på Tor for å få att dotter si, og Tor tok livet av Starkad Åludreng. Ikkje lenge etter fekk Alvhild sonen Storvirk, som vart ein stor hærmann og viking.

Storvirk endre

Storvirk gjekk i teneste hjå kong Harald i Agder, og Harald skjenkte han øya Truma (Tromøya) som len. Herifrå reiste han ofte på hærferd. Storvirk røva så dottera av jarlen på Hålogaland, og med henne fekk han sonen Starkad, seinare kalla "den gamle". For dette vart Storvirk brend inne, og Starkad vart fostra opp hjå Harald i Agder.

Fridtjovs Saga endre

Starkad har ei rolle i soga om Fridtjov den frøkne og Ingebjørg. Kong Hertjov av Hordaland gjekk til åtak på Harald og drap han, men sonen Vikar vart teken til fange. Ein av mennene til Hertjov, Hrosshårsgrane, tok Starkad som fange. Den gongen var Starkad tre år gamal. Han var hjå Grane i ni år og vart fælande stor og sterk, men låg støtt i grua utan å gjera eit slag. Medan Hertjov var ute på tokt, tok Vikar seg av Starkad, fekk han på føter og kledde han til kamp. Saman planla dei hemn på Hertjov. Vikar sigra, og reiste heim til Agder der han vart konge. Starkad følgde sidan Vikar, og vann over Geirtjov på Opplanda, og Fritjov i Telemark. Starkad tente hjå Vikar i femten år.

Starkad får gåver av Odin endre

Ein gong vart Vikar nøydd til å leggje til nokre holmar utanfor Hordaland på grunn av motvind, og vart tvinga til å ofre ein mann til Odin for god bør. Loddet fall på Vikar sjølv, men Hrosshårsgrane synte seg om natta og baud Starkad følgje seg. Grane tok Starkad med seg til ein holme der 11 mann sat på kvar sin stol, og ein stol var tom. Grane synte seg å vera Odin, og dei andre 11 var gudane i følgje med han. Odin baud dei då å døma om lagnaden til Starkad, og det kom til tvistemål mellom Odin og Tor. Tor ville leggje bann på han fordi farfaren var av jotunætt, medan Odin ville signe han med gåver. Dette vart fordelt slik:

  • Starkad skulle ikkje få etterkomarar
  • Han skulle leva tre mannsaldrar
  • I kvar av desse skulle han gjera ein nidingsdåd
  • Han skulle eige dei beste våpna om hærkleda som fanst
  • Han skulle ikkje eige jord eller land
  • Han skulle få mykje lausøyre
  • men aldri kjenne at han åtte nok av det
  • Han skulle sigre i alle kampar
  • Han skulle lide av harde sår i kvar kamp han kjempa
  • Han skulle få evnar til skaldskap
  • men han skulle straks gløyme alt han kvad.
  • Han skulle få vørdnad av dei beste og gjævaste
  • men han skulle bli hata av vanlege folk.

Starkads første nidingsdåd var å ta livet av Vikar når han hadde svore å berge han.

Ynglingesoga endre

Etter at Vikar var daud, reiste Starkad frå Hordaland, og gjekk i teneste hjå ynglingkongane Alrek og Eirik, og tente i lag med tolv berserkar der. Seinare var han i lag med brørne Hake og Hagbard, dei som gjekk mot og vann på kong Hugleik, soneson av Alrek. Starkad kjempa mot Svipdag og Geigad i Hugleiks hird. I denne tida kjempa Starkad i Kurland og kom seinare til kong Frode den frøkne i Danmark (iflg Saxo Grammaticus).

Seinare verk endre

Starkad var blanda borti kampar mot Anganty, og er slik knytt til segnene om Tyrving, kjempa i lag med Hagbard, og hemna han ved å ta livet av kong Sigar. Sidan var Starkad med i Bråvallaslaget der Starkad kjempa i lag med Åle den frøkne og Sigurd Ring. Starkad let seg seinare kjøpe til å ta livet av Åle, det tredje nidingsverket i Starkads liv. Sistpå råka han på ein ung mann, Hadd, som han bad om å drepa seg. Hadd hogg hovudet av Starkad, som fall av og beit i graset.

Han skal vera gravlagt i Skåne.

Kjelder endre

Skaldatal frå Island reknar Starkad som ein viktig skald, og Snorre Sturlason har eit versemål han kallar Starkaðarlag. Segnene om han var levande så seint som på 1400-talet, i soga om Norna-Gjest. Elles er vest- og austnordiske kjelder usamde om opphavet hans. Han er nemnd i Halfs saga og i Gautreks saga, i Gesta Danorum, og endeleg i Béowulf, der han er omtala som eald æscwiga (gamal stridsmann). Her er han knytt til soga om Ingeld og Froda. Béowulf-forskinga knyter Starkad til langobardarane på grunnlag av tilvisinga til dei der (Heathobarðan). Starkad har hatt det med å syne seg i kva samanheng det skulle vera over så godt som alle fornaldersogene.

Denne artikkelen byggjer på framstillinga i Norrøne Gude- og heltesagn av Peter Andreas Munch, redigert og kommentert av Anne Holtsmark.