Staryj Krym (ukrainsk Старий Крим, russisk Старый Крым, krimtatarisk Eski Qırım) er ein liten historisk by aust på Krimhalvøya, kring 25 km vest for Feodosija. Byen har kring 9 000 innbyggjarar (2011).

Staryj Krym
Старий Крим, Eski Qırım
by
Konstantin Bogaevsky Stary Krym, 1903
Flagg
våpen
Land  Ukraina
Region Krimhalvøya
Høgd 300 moh.
Koordinatar 45°1′45″N 35°5′19″E / 45.02917°N 35.08861°E / 45.02917; 35.08861
Areal 9,97 km²
Folketal 9 446  (2011[1])
Folketettleik 947 / km²
Grunnlagd Første hundreåret
 - Bystatus 1784
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 97345
Retningsnummer +380-6555
Kart
Staryj Krym
45°01′45″N 35°05′19″E / 45.029166666667°N 35.088611111111°E / 45.029166666667; 35.088611111111
Wikimedia Commons: Staryi Krym

Historie endre

Byen har ei lang historie. Han vart truleg grunnlagd på første halvdel av 1200-talet då Krimhalvøya vart teken av Batu Khan. Mongolane bygde festningsverk i byen og han vart så hovudstad av Krim Jurt (provinsen som dekte Krimhalvøya for Den gylne horden) og var heimstaden til emiren av Krim. I denne perioden hadde byen to namn samstundes. Dei tyrkisktalande kalla han Qırım (krimtatarisk: qırım - åsen min), medan italienske handelsmenn kalla han Solcati. Solkhat er ei tyrkifisert form av det italienske namnet.

 
Det armenske klosteret Surb Khatsj frå 1300-talet.

Det tyrkiske namnet på byen, Qırım, gav til slutt namn til heile halvøya.

På 1200- og 1300-talet var Qırım ein stor og velståande by som av arabarane vart kalla den andre Bagdad. Frå den perioden finst Ozbek Han-moskeen, bygt i 1314 av Uzbeg Khan og ruinane av madrassa bygt i 1332.[2] Qırım var hovudstaden til khanane på Krim fram til byrjinga av 1500-talet. Etter at hovudstaden i Krim-khanatet vart flytta til Bakhtsjisaraj vart byen mindre viktig.

Sidan Krimhalvøya vart annektert av Katarina II av Russland i 1783 har byen vore mest kjend under det russiske namnet Staryj Krym (tyder Gamle Krim), som er ei russisk omsetjing av det opphavlege krimtatariske namnet Eski Qırım.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre